Omlag 50 personar fekk i dag orientering frå Consorzio Italia 2000, som neste år skal bygge nye kraftmaster i Sykkylven.
Det var Sykkylven Næringsutvikling som inviterte til ope møte i Sparebanksalen.
Bakgrunnen er at firmaet Consorzio Italia 2000 ser på ulike løysingar for overnatting, mat, fritidstilbod og lokal handel, når dei neste år kjem til Sykkylven for å arbeide med kraftmaster.
Styreleiar i Sykkylven Næringsutvikling, Arne Hanssen, oppmoda alle til å skrive kontaktinformasjon på eit skjema, som skal danne grunnlag for vidare samarbeid.
Odd-Ivar Paulsen i Consorzio svarte på spørsmål saman med anleggsleiar Stefano Negri.
- Møtet var nyttig. Vi har knytt kontakter i det lokale næringslivet og det var fint å helse på folk. Vi set stor pris på interessa og ingenting er avgjort, seier Paulsen etter møtet.
I første omgang er det overnatting som skal på plass, helst innan 15. desember.
- Vi har eit godt inntrykk av Sykkylven og trur vi vil trivast, seier han.
Blant dei 50 som møtte var det flest næringsdrivande i Sykkylven, men også interesserte frå Ålesund var til stades.