Den store julekonserten: – klart eg er sykkylving!

For sykkylvstausa Elisabeth Andreassen er det alltid spesielt å synge i Sykkylven. Torsdag kjem ho til bygda saman med Alexander Rybak, Tor Endresen, Rune Larsen og Marian Aas Hansen.

Elisabeth er på turne med førjulskonserten «Stille natt, hellige natt.» Ein variert og flott konsert, i følge artisten. Mandag var dei første prøvene med publikum i hamn og Elisabeth er nøgd.

- Eg gler meg mest til å synge i Sykkylven. Her er familien og så mange minner, seier ho.

Vanlegvis bur Elisabeth på Hjellane, og tar seg ein tur til Vassetra og til Vad. Sist gang var i vår.

- På Aure treff eg alltid mange kjende. Der føler eg meg velkommen, og eg skulle helst budd på fjellet med utsikt til fjell og fjord denne gangen også. Men eg får vel følge dei andre til ny konsert i Spjelkavik, ler ho.

For Elisabeth er det spesielt eit minne som dukkar opp når ho kjem til bygda.

- Eg sang saman med Jan Werner i Sykkylven på slutten av nittitalet. Det er klart at minna kjem tilbake. Det er kjensleladda, seier ho.

Konserten i Sykkylven kyrkje på torsdag klokka 17.30 er den femte av i alt 46 konsertar i perioden 27. november til 22. desember.

Dei fem kjende artistane har med seg musikarane Jon-Willy Rydningen og Olav Torget.

I TV2 programmet God Morgen Norge den 22.11, fekk vi eit glimt av det vi har i vente. Alexander Rybak har delt denne videoen på YouTube:

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.