Fjellsetra: campingplassen er flytta og blitt dobbelt så stor

 Campingplassen på Fjellsetra er flytta til andre sida av vegen og blitt dobbelt så stor som i fjor. – Det er eit viktig reiselivsprosjekt som no blir realisert, seier styreleiar i Sykkylven Friluftsenter, Helge Overå.

Helge Overå er styreleiar i Sykkylven Friluftsenter. (Foto: Hanne Suorza)

Når alt er ferdig har campingplassen plass til 48 vogner. Det er ei dobling frå 24. Campingvognene som har stått nede ved vegen skal vekk. Området vil bli nytta til parkering.

Den nye campingplassen er på andre sida av vegen, litt oppe i lia. Vognene blir fordelt i fem gater. Det blir ogå mulegheit til å parkere bobilar. I kjellaren i varmestova blir det bygt toalett, dusj og mulegheit for å vaske klede.

Sykkylven Friluftsenter har drive camping i mange tiår.  Å få sette opp såkalla spikertelt, og få ordna sanitærforhold, har lenge vore eit ønskje frå campingfolket.

Eit spikertelt minner om ei lita hytte. Det er eit isolert fortelt som blir bygd opp på platting og kan flyttast.

Ski in – ski out: det er kort veg til skiløypene. (Foto: Hanne Suorza)

Spikertelta vil sjå omlag slik ut. (Foto: Life Camp)

Vogna vil stå til venstre for plattingen i bildet. Her er ei av fem gater. Det er ingenting å seie på utsikta. (Foto: Hanne Suorza)

Helge fortel om venteliste med gjestar som har ønskja plass til vogna si ved skianlegget.

- Det er svært populært med camping på fjellet. Koordinator og prosjektleiar, Norleif Tafjord, kunne lett ha leigd ut 48 plassar til, seier Helge, og forklarar følgande om prosessen:

- Vi fekk til ein avtale med grunneigar. Deretter kunne vi starte søknadsprosessen i Sykkylven kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. No har vi ei godkjenning på at campingen kan nyttast heile året. Og alle kan sette opp spikertelt, seier han.

Sykkylven Friluftsenter har investert omlag fire millilonar kroner i camping og nytt sanitæranlegg i kjellaren på varmestova.

- Vi tilbyr topp fasilitetar frå sesongstart. Dette er nok ein av dei første campinplassane i Noreg som er bygd etter gjeldande byggekrav med blant anna åtte meter mellom vognene, seier Helge Overå.

Spikertelta blir montert i løpet av november og sanitæranlegget skal stå ferdig til nyttår.

Norleif Tafjord får skryt for planlegginga av det nye området. Her saman med Helge Overå, som også har lagt ned ein stor innsats. (Foto: Hanne Suorza)

Spikertelta blir 9,76 meter breie. (Teikning: Life Camp)

Desse karane frå Flisnes gler seg til skisesongen: – Vi hadde campingvogn på Fjellsetra i fjor og det gav meir smak, seier dei to. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.