Fønix: – Sykkylven er rik på frivillig arbeid

I aktivitetshuset Fønix er det frivillig innsats, hjartevarme og sterke historier som rår.

(Foto: Hanne Suorza)

Når livet tar ei vende

I tre og eit halvt år var Margrethe Lillebø sjølve «Mor Fønix». Ho laga middag, serverte vaflar og slo av ein prat med dei som kom innom.

Andre februar i fjor endra det seg. Med vaffelrøra på benken og kaffekoppen halvfull, blei ho ramma av eit alvorleg hjarneslag. Margrethe låg tre månadar på sjukehus og jobba hardt med rehabilitering før det gjekk bedre og bedre, månad for månad.

I dag er ho tilbake på Fønix. Men i ei anna rolle. Ho har fått oppleve frivillig arbeid frå begge sider.

- Her har eg hatt mine beste år som frivillig på kjøkkenet. I dag går heile livssituasjonen min ut på hjelp frå andre frivillige. No får eg innsatsen tilbake når eg treng den. Her er alle fantastiske og det er her eg høyrer til. Fønix betyr alt, seier ho.

Margrethe betyr også mykje for andre. Nokre av dei utanlandske borna kallar henne for mormor. Dei har fått ei bestemor i Norge.

- Vi har det så kjekt. Eg gler meg til kvar einaste dag. Eg har mange nye venner som eg kan strikke og prate med. Det gjeld å ikkje misse motet, seier Margrethe og legg til:

- Folk må kome til Fønix for å oppleve kva det å vere frivillig er.

- Fønix betyr alt, seier Margrethe Lillebø, som blei ramma av eit hjarneslag for snart to år sidan. (Foto: Hanne Suorza)

Unikt

Fønixhuset blei etablert i 2007, som eit aktivitetstilbod og ein møteplass for alle som bur i Sykkylven. Alt er basert på frivillig arbeid. Huset er ein del av Frivilligsentralen, som er organisert under barne- og familietenesta i Sykkylven kommune.

Her er mellom 20 og 40 personar innom kvar dag. Nokre har helseplager, men langt fleire kjem for å slå av ein prat, for å ta eit kurs eller hjelpe til med husarbeid.

Dagleg leiar Marit Gjerde Winsrygg trur Sykkylven er ganske aleine om eit slikt hus. Sist veke hadde ho besøk frå Aukra kommune, som gjerne ville lære av Sykkylven.

- At Sykkylven er rik på frivillig arbeid gjeld også lag- og organisasjonslivet, seier Marit. Eit godt samarbeid må til for eit best muleg tilbod.

Gjennom Frivilligsentralen finn alle sin plass. Enten det er å vere natteravn, følge nokon til sjukehus, halde kurs eller i samtale om laust og fast.

- Det er meiningsfylt og ei glede å ha ein arbeidsplass der mange er flinke til å stille opp, seier Marit. Samtidig er det bruk for enda fleire frivillige og gode forslag til nye aktivitetar, gjerne kurs.

Vil utvide

På Fønix blir det måla, bygt i tre og leire, laga knivar, slipt steinar og spela. Stor aktivitet gir behov for større lokale. Difor har Frivilligsentralen no søkt Sykkylven kommune om å få ta i bruk kjellaren.

Planen er å bygge rom med benkar for hobbyarbeid, nye vindauge, inngangsdør og toalett. I den nye etasja håper dei på rom for aktivitetar som skapar litt støy eller som krev ekstra konsentrasjon.

Johan Nilsen stiller på som frivillig fire dagar i veka. (Foto: Hanne Suorza)

Raust

At det er behov for meir plass er heilt sikkert, i følge Johan Nilsen (snart 83 år). Fire dagar i veka snekrar han små bilar og fly, og legg til rette for arbeid saman med dei eldste barnehagaborna kvar tysdag.

- For seks år sidan spurde eg Marit om det var noko som kunne passe for meg, seier Johan.

Det var det sjølvsagt.

- Det går bra, men det er travelt om dagen og eg kunne tenke meg litt hjelp, seier han. Tysdagane arbeider han saman med Odd Arne Risvik (70), som også er sjåfør på Oskar-bilen.

- No håper vi på ein ny verkstad. Her er alt for trongt og det vil bli bra med bedre ventilasjon, meir lys og færre trapper, seier dei to som begge har lang erfaring som snikkarar.

For mange born er det eit høgdepunkt å kome til Fønix for å snekre små bilar, båtar og fly. (Foto: Hanne Suorza)

Erfarne snikkar-hender gjer nøyaktig arbeid. (Foto: Hanne Suorza)

Odd Arne Risvik og Johan Nilsen håper på større verkstad. (Foto: Hanne Suorza)

Jul

24. desember blir det servert julemiddag på Fønix. Margrethe har stått for maten i mange år og fortel at dei kvart år dekkar festbord til mellom 18 og 27 personar.

Ikkje alle har ein plass dei vil eller kan gå i høgtida. På Fønix er det rom for alle. I jula er både ungdom, vaksne og forretningsdrivande rause og kjem med gåver og spikekjøt.

- Vi manglar ingenting, takka vere bygda og frivillig innsats, seier Marit Gjerde Winsrygg.

På Fønix er det raust. – Det er slik det skal vere, seier Helga Lermo Johansen som sit i styret til Frivilligsentralen, mellom anna saman Marit Gjerde Winsrygg. Styret er valt av kommunestyret, og sett saman av politikarar og frivillige. – Marit er ein god leiar og brenn for dette, seier Helga. På bildet er også Odd Arne Risvik og Johan Nilsen.
(Foto: Hanne Suorza)

6 total comments on this postSubmit yours
  1. Tusen takk til Hanne Suorza for en god reportasje om det frivillige arbeidet på Fønix som blir utført her.
    Særlig dette med stort behov for et større verksted som kan fungere som både snekkerverksted, maleverksted, knivmakeri, steinsliping og andre aktiviteter som for eks.fluebinding etc.
    Mvh. Johan Nilsen

    • Tusen takk – veldig kjekt å høyre Johan. Eg er glad for å få formidle meiningsfulle historier – så takk til deg også. God helg!

  2. Ein flott og vital plass med mange spennande aktiviteter!
    Takk for at eg fekk komme på eit kjekt og interessant besøk.
    Beste helsing Jens Petter, Aukra frivilligsentral

    • :)

  3. Marit og Fønix er GULL! For 7 år sidan fekk mor mi hjerneblødning. Overlevde operasjon og kom heim att. Ute av arbeisdslivet, og kva no? Vi frykta ho skulle bli sittande mykje heime, åleine og sakne det å ha folk rundt seg. Men der opna det seg ei «ny verd»: Marit og Fønix og internasjonal kvinnegruppe og…ja, du verden alt som ho kunne vere med på! Tusen takk til alle frivillige som legg ned ein innsats der!

    • Tusen takk for det du deler Margrethe – Fønix betyr mykje for mange.

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.