Hanne Kolstø er ein av femti kandidatar til Wimps Nordic Music Prize for beste album 2012.
Sunnmørsposten skriv i dagens papirutgåve at musikkbransjen i dei fem nordiske landa har stemt fram ti artistar kvar. Lista på 50 skal ned til 12 finalistar.
Nordic Music Prize 2012 blir delt ut for tredje gang under by:Larm i Oslo i februar. Dei 12 finalistane er klare 3. desember. Deretter vil ein jury vil avgjere kven vinnaren blir.
Hanne Kolstø gav i haust ut eit nytt album.
I september hadde ho konsert og workshop i Sykkylven.
Nominerte frå Norge:
Susanne Sundfør – The Silicone Veil
Motorpsycho – The Death Defying Unicorn
Lindstrøm – Smalhans
I Was A King – You Love It Here
John Olav Nilsen & Gjengen – Den Eneste Veien Ut
Tønes – Sån Av Salve
Highasakite – All That Floats Will Rain
Enslaved – Riitiir
Ida Jenshus – Someone To Love
Hanne Kolstø – Flashblack