I dag slår brabygd.no eit slag for lokal handel

Vil vi ha butikkar på Aure i morgon, så lyt vi bruke dei i dag!

Juleutstillingane tar form på Aure. Ved Nøstekroken er kalendaren på plass. (Foto: Hanne Suorza)

Bestem deg!

Eg har teke eit val. Min julehandel vil finne stad på Aure. Her skal eg kjøpe ny kjole, pynt, mat og gaver. Kor mange vil gjere det samme?

Shopping handlar om utval og pris. Sjølv finn eg det eg treng i bygda, og meir til. Jo meir eg tenker på lokal handel, jo meir begeistra blir eg og seier: så kult at eg finn det her!

Som dei fleste andre handlar eg også i Ålesund, på reiser og på Internett. Det skulle berre mangle. Vi bur på ein mellomstor stad med eit mellomstort utval. Ålesund ligg nært og har meir. På nettet er alt. Ønskjer eg meg ei bukse frå H&M eller Acne, så tar eg turen eller bestiller den på nett. Det må vere lov.

Det enkle

Samtidig har eg lovt meg sjølv å alltid sjekke utvalet i bygda før eg handlar andre stadar.

Eg kjøper ikkje bodylotion på Moa når eg kan kjøpe den same flaska her. Kvifor velge olivenoljen i Kipervikgata når vi finn ein like god i Kyrkjevegen? Kvifor kjøpe bestselgaren på ARK når vi finn den her? Og kvifor i alle dagar ta ferja for å handle på Name IT, Ringo, Intersport eller Jernia, når vi har dei same butikkane i Sykkylven?

Ei slik bevisstgjering må til. Det er du og eg som skal gi sentrum vekst.

Kvifor er det viktig?

Gode butikkar gjer bygda attraktiv. Både for oss som bur her, og med tanke på folk som vurderer å flytte hit.

Mange ønskjer eit større utval av varer på Aure. Enkelte ønskjer kjøpesenter, medan andre er glade for planane om å fortette sentrumsgatene.

Ein ting er sikkert: ingen utbyggar kjem til å satse på verken kjøpesenter, nye butikkar i sentrumsgatene eller å bygge ut sjøfronten av idealistiske grunnar. Dei vil vite at det er handel og kroner i sikte.

Smaken er som baken

Lokal shopping dreier seg ikkje om å «støtte» butikkane. Vi handlar det vi liker, ut i frå smak, utval og pris.

Eg er villig til å betale litt meir for god service. I forrige veke kjøpte eg eit nytt kamera. Det var fint å gå heim og vite at det er god hjelp å få på minuttet. Det var heller ingenting å seie på prisen.

Ei god shoppingoppleving er også visuell. Korleis ser butikken ut? Korleis er varene presenterte? Kva fargar? Kva mote? Kva stil vil du ha?

Kjapp utvikling

Dei handelsdrivande i Sykkylven har lang erfaring og mykje kunnskap. «Men utfordringa», var det ei som sa, «er å nå dei i di aldersgruppe». Ho var redd for eit gubbete utval i varer og presentasjon. Trendane går sabla fort. Ho var på leit etter innspel.

Handlemønsteret vårt endrar seg. Internett er ein trend, men også brukthandel breier om seg.

Dette gjeld like mykje for Sykkylven som for Oslo eller New York. Vi på bygda får dei same impulsane. Vi er urbane her også. Moten er lik.

Nye mulegheiter!

Nettet kan vere ei utfordring for lokal handel. Tala viser at heile 73 prosent av alle nordmenn handla på nett i 2011. (SSB) Prosentvis er det dei mellom 50 og 75 år som står står for den største veksten.

Det kan også gi ei mulegheit for lokale butikkar. Fleire sel allereie varer på nett, og nokre arbeider med nye sider for sal. Slik vil dei nå kundar i heile landet. Kanskje følger fleire etter?

Skaparglede

På lik linje som i byane, sel vi brukte klede her i bygda. Både på nettsider som bloppis.no og ikkje minst på Facebooksida «kjøp/salg -gi bort i Sykkylven». Eg skulle likt å vite kor mange varer som blir selt og bytta på Facebook i løpet av ei veke. Talet vil nok overraske mange. Det er ein trend i tida som ingen kan stoppe.

Kva med å arrangere ein lokal butikkk-marknad? Outlet? Foredrag i butikk? Bokbad? Eit velgjerdsball med tema «kjøpt i Sykkylven»? Alt som er inn og kan skape blest og framsnakking er bra.

Eg set pris på å sjå moteshow på Cylindra, og å hente inspirasjon frå Milano – live på nett. Slik får eg det beste frå «both worlds». Det gjer at urbane bygdetauser trivst og handlar i Sykkylven.

God julehandel!

Hanne Suorza

4 total comments on this postSubmit yours
  1. Heilt enig, viktig med ei levande bygd !! Alle har eit ansvar. ..

  2. ENIG. Eg handlar alt eg treng på Aure. Alle julegåver har eg kjøpt her i dei fire åra eg har budd her.

  3. Du tek opp mange viktige tema i denne artikkelen din. Svært positivt at nokon som ikkje har ein butikk sjølv kastar fram positive idear. Likte spesielt godt ideen om foredrag i butikk. Kva med at butikkar arrangerer ulike kurs for kundane sine? Veit nokre har gjort det, og fleire kan sikkert henge seg på med ulike interessante tema.
    Støttar opp ideen om å kjøpe fleire julegåver lokalt. Eg kjem uansett til å kjøpe nokre eksternt, likevel – lovar å kjøpe fleire lokalt i år enn i fjor.
    Per Robert Tafjord

    • Bra! Kjekt med gode tilbakemeldingar.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.