I helga: lilleMINX stiller ut

Grafikk, maleri, keramikk, smykker, glas, foto og kjolar pryder denne helga veggane i kulturverkstaden lilleMINX.

(Foto: Hanne Suorza)

Sykkylven Kunstlag og Stranda Kunstlag samarbeider om juleutstillinga som opnar i dag, 29. november. Det er lagt vekt på variasjon og leikne uttrykk i god kvalitet.

Fleire kjende kunstnarar stiller ut: Kristian Finborud (grafikk), Lisbeth Øie (akryl), Turid Myrvang (keramikk), Ingrid Ulla (glaskunst) Judith Bech (foto og kjolar) og Marte Relling Uri (smykker).

Juleutstillinga til kunstlaget har tidlegare år vore ved Galleri Elvetun. Der er avtalen sagt opp, og leiar i kunstlaget, Inger-Marie Vågane, er glad for samarbeidet med lilleMINX kulturverkstad.

Leiar i kunstlaget, Inger-Marie Vågane. Kjolane er designa av Judith Bech frå Vatne. (Foto: Hanne Suorza)

Unik design

Marte Relling Uri frå Sykkylven er profesjonell smykkdesignar. Ho lagar kun eit eller få eksemplar av kvart design, som kan vere både delikat, røft og enkelt. Alle smykka er laga av edle material. Marte set gjerne preg med blomar, perlemor, sløyfer, bein, englar, hovudskallar eller hjarte. Unik MRU blir seld hos utvalde forhandlarar rundt om i landet.

Marte Relling Uri frå Sykkylven bur i Oslo. (Foto: www.unik-mru.no)

Inspirere og engasjere

Charlotte Tynes Ellefsen i kunstlaget, fortel at ei juleutstilling bør gi det lille ekstra, inspirere, oppmuntre og innehalde fleire kunstartar. Om kunst er god eller dårleg skal vere opptil den enkelte og ikkje berre bli bestemt av kunstkjennarar.

- Kunst engasjerer deg på godt og vondt. Den skal skape diskusjon og gode samtalar om opplevingar, kjensler og smak. Vi er alle ulike og godt er det, seier ho og fortel om sin siste kunstprat:

- I helga var eg kritisk til et gigantisk maleri på et nytt hotell i Trondheim. Måleteknisk var det ikkje noko å skryte av og det sjokkerte meg at det var første augekast ved resepsjonen. Etter ein ærleg og engasjert samtale kom det fram at måleriet kosta over 8 millionar kroner og blei måla i 1927. Om kunsten blei noko teknisk bedre av den grunn synest eg ikkje. Men det er fasinerande at eit såpass enormt maleri har blitt frakta i eit privatfly frå ein stad i Europa. Preserveringa var imponerande og valg av motiv og komposisjon forut for si tid. At Petter Stordalen har brukt over 8 millionar kroner på eit maleri i en resepsjon i Trondheim gjer også inntrykk.

Charlotte Tynes Ellefsen er drivkrafta bak lilleMINX. (Foto: Hanne Suorza)

Julemarknad

lilleMINX kulturverksted er både galleri, intimscene og verkstad for foto og kunst. Kjøkkenet er godkjend til kafedrift ved arrangement og utleige. Drifta er basert på frivillig arbeid. For at kulturverkstaden skal vere liv laga, oppfordrar Charlotte til bruk:

- Engasjer deg med tips om arrangement, bruk staden til å promotere deg og din musikk, kunst eller kreative sprell, eller ta kontakt for leige av lokalet!

Laurdag 8. desember inviterer Charlotte alle kreative sjeler i Sykkylven til å ta del i ein intim julemarknad på lilleMINX. Ho vil gjerne ha med alle som syr, bakar, målar, lagar kunst og kunsthandverk, heimelaga julegåver eller julemat.

Denne helga er utstillinga opa torsdag og fredag frå 19 – 21, og laurdag og søndag fra 12 – 16. Open kafe. Fri inngang. All kunst er til sals.

Oddny Løseth Velle og  Ladja Harokova i kunstlaget gjer klart til utstilling. (Foto: Hanne Suorza)

Utsnitt av grafikk. Kunstnar er Kristian Finborud. (Foto: Hanne Suorza)

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.