I helga: Ta turen til sentrum!

I går kveld kom julestemninga på Aure. I dag, fredag 30. november, er det nattope. Laurdag blir det lys i julegrana.

Torsdag kveld: Lions Club Sykkylven i julestemning.

Å pynte gatene i sentrum er tradisjon for Lions Club Sykkylven. I går var omlag 25 karar i sving med nye juletre og lyslenker.

- Orkanen Dagmar øydela mykje i jula i fjor. 30 000 kroner er brukt på nye lyspærer og det blir fint i år også, seier president i Lions Club, Arild Klokk.

Sykkylven Handelsforreining betaler Lions for arbeidet. Inntektene som kjem inn blir brukt til gode lokale formål.

Saman med mange av dei 44 medlemane i klubben la han i forrige veke til rette, fekk på plass nye lyspærer og reparerte karmane til dei mange juletrea i gatene.

I kveld, fredag 30.11:

Butikkane har ope til klokka 24. Mange timestilbod, og TV-skjermar med Norske Talenter og Stine Hole Ulla. Ta turen for lokal handel!

I morgon, laurdag 1.12:

Tenning av julegrana klokka 16, ved damene i Lions Club Sigtuna. Sykkylven Skulekorps vil spele, det blir appell ved Redd Barna og besøk av Lionsnissane som kjem med 650 gåver til dei små.

Klokka 16 blir det også lys i juletreet på Aurenakken. Det er ein ny tradisjon som Lions Club Sykkylven starta i fjor.

Ta med ei gåve, gjerne brukte klede eller leiker, til ein barneheim i Latvia. Skriv på pakken om gåva er til ein gut eller ei jente, og kva aldersgruppe du trur kan ha glede av den. Gåva kan du legge under julegrana.

Lions er ein internasjonal organisajon med 45 000 klubbar og 1,35 millionar medlemmar i over 200 land. Lokalt bidrar Lions Norge mellom anna med barne- og ungdomsarbeid, eldreomsorg, forebyggande arbeid mot rusmisbruk, tiltak for funksjonshemma og kulturarbeid.

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.