Kompressor stiller ut: kunsten er for alle

Laurdag inviterer kunstnarfellskapet Kompressor til utstilling i Galleri Elvetun.

Marit Akslen, Geir Morten Brungot og Kjell Gunnar Overøye. Bak ser vi tekstilkunsten til Marit. – Denne teknikken arbeidde eg fram for 10 år sidan. Men dette verket har nye fargar i svart og blått. Eg nyttar filt og lagar snitt i flata for å skape ulike element. Det gir liv, skygge og bevegelse, seier tekstilkunstnaren. (Foto: Hanne Suorza)

-  Utstillinga er ikkje berre for spesielt kunstinteresserte. Her er alle nysgjerrige sjeler som kan tenkje seg noko anna enn nok ein kjedeleg tv-kveld hjarteleg velkomne, seier Kjell Gunnar Overøye.

Saman med tekstilkunstnar Marit Akslen og fotograf Geir Morten Brungot, utgjer han kunstnarfellskapet Kompressor. Dei tre profesjonnelle samtidskunstnarane etablerte fellesskapet for fire år sidan, mest med tanke på formidling av kunst til barn og unge. Når Galleri Elvetun flyttar frå Vik til sentrum vil dei runde av samarbeidet slik vi kjenner det i dag.

Kunsten er for alle

Kjell Gunnar vil stille ut kunst av metall. Han er utdanna frå kunsthøgskulen i Oslo og har arbeidd profesjonelt med kunst sidan 1991, då han flytta til Sykkylven. I periodar har han også undervist i kunstfag ved Sykkylven vidaregåande skule.

I desse dagar er han i gang med eit konkurranseutkast til ei kyrkjeutsmykking, både liturgiske møblar og lysestakar skal få form. Samtidig førebur han produksjon av utsmykkinga av rundkøyringa på Aure.

Opninga av utstillinga på laurdag blir ved einingsleiar Halstein Kurseth. Dagleg leiar ved Kunstnarsenteret i Møre og Romsdal, Kristin Mandt Heim, vil halde foredrag om samtidskunst.

- Å høyre ein profesjonell kunstformidlar kjem til å bli lærerikt og interessant. Litt meir innsikt i dagens mangfaldige kunstverd er ikkje å forakte, seier Kjell Gunnar.

Laurdag vil dei tre kunstnararne halde studioa/verkstadane sine opne. Her vil vi få eit lite innblikk i korleis dei arbeider.

- Vi har eigne verkstader og arbeider kvar for oss til dagleg. I periodar med fellesutstillingar blir det ein god del arbeid i fellesskap, både med å komponere sjølve utstillingane, marknadsføring og elles alt det praktiske rundt. Vi har naturlegvis pausar i lag og dei blir til tider over halvtimen… men vi tek det att, seier Kjell Gunnar Overøye.

Utstillinga opnar klokka 19. Servering av mat og drikke.

Kjell Gunnar Overøye arbeider med metall. Laurdag viser han ni plater i stål og sølv. Platene har han forma for hand og ved hjelp av ein antikvarisk teknikk. Når vi kjem nær kunsten ser vi tydelege spor etter mange behandlingar, i tillegg til varme og oljebrenning. (Foto: Hanne Suorza)

Geir Morten bur halve året i Praha. Men seier at han også treng å vere vekke frå summande byliv. Dette bildet har Geir Morten teke ved sentrum i Praha, nær der han bur. Det viser restar etter ein stor flaum og er fotografert på ein stad der folk kasta tinga sine. Motiva har navnet «inside-out».

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.