Konsert: kom i adventstemning med SJORK

 Natt til søndag i første advent inviterer Sykkylven Janitsjarorkester (SJORK) til konsert i Sykkylven kyrkje. – Vi har drøymt om å gjere ein litt annleis konsert i mange år, seier dirigenten.

Øvst frå venstre: Kristian Lade, Marianne Slyngstadli, Maria Holand Tøsse, Arnfinn Grebstad, Halstein Kurseth, Kim Erik Lillestøl og Sveinung Utgård

Dirigent Marianne Slyngstadli skriv:

Julenattiné

- Konserten startar ein time før midnatt. Tanken er å gi dykk ein dempa, vakker og lyrisk start på ei travel adventstid. Alt de får høyre denne første desembernatta er av roleg karakter.

- Vi er så heldige å få gjere konserten saman med dei tre flotte herrane i «Øss tre»: Arnfinn Grebstad på fløyte og saksofon, Halstein Kurseth på gitar og vokal og Sveinung Utgård på kontrabass.

- I tillegg får de høyre Kristian Lade på piano og Kim Erik Lillestøl på trommer. Dei er begge ettertrakta musikarar i fylket vårt.

- Vokalist Maria Holand Tøsse frå Stordal vil framføre den nydelege danske julesongen «Mitt hjerte alltid vanker» av Hans A. Brorson. På programmet står også Mel Tormé sin klassikar «The Christmas Song» og «Grown-up Christmas List» av David Foster.

- Teksten minner oss på at julegåveønskja kan forandre seg med åra. Når ein blir eldre gjer ein seg tankar om kor god verda blir om alle har ein venn. Om tid kan lege alle sår. Om ingen krigar startar. Om kjærleik aldri tar slutt. Ein vaksen si ønskjeliste, med andre ord.

- SJORK har fleire dyktige solistar i rekkjene. Denne kvelden presenterer vi Oline Strømmegjerde og Jan Eldar Lyngvær. Oline vil spele den vakre svenske folketonen «Gammal Fäbodpsalm från Dalarna» på fløyte, og Jan Eldar vil framføre mektige «Nessun Dorma» på euphonium. Underteikna dristar seg utpå som kornettsolist i «Vidda» av Ole Edvard Antonsen.

- Korpset skal også spele noko heilt åleine. «The Lost Chord» og «Jesu joy of Man’s desiring» vil klinge vakkert i kyrkjerommet.

- Det blir allsong med «Julekveldsvise» og «Romjulsdrøm», før vi avsluttar konserten med «Deilig er jorden», akkompagnert av SJORK.

- Dørene opnar ein halvtime før konsertstart, med servering av gløgg og anna julete tilbehør.

Marianne K. Slyngstadli, dirigent for Sykkylven Janitsjarorkester

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.