Korkafé søndag: legendarisk kakebord i Hundeidvik

Når Hundeidvik Blandakor inviterer til korkafé er kakene like viktig som sangen.

Det seier i alle fall dirigent Åge Frøystad, før det årlege arrangementet på grendahuset søndag klokka 17.

- Kakebordet i Hundeidvik er legendarisk og vi liker å tru at vi har teten på kakene i bygda, smiler han.

I år er det ekstra god plass til både kaker og gjestar i Hundeidvik. Lokalet er utvida etter at skulen blei bygt.

Dirigenten fortel at korkaféen er eit viktig musikalsk mål for songarane, som vil presentere eit nytt og spanande program; både tradisjonsrike viser, lokale folketonar, pop frå Queen og musikalmusikk frå Hair.

I år får blandakoret besøk av Sykkylven gospelkor, med dirigent Solveig Håvik. Åge synest det er flott med nye tilskot i kormiljøet i bygda. Sjølv har han vore dirigent i Hundeidvik sidan år 2000.

-Eg set pris på kor som ønskjer å lære og utvikle seg. Vi trivst i lag. Etter 12 år som dirigent kunne dei nok bli lei av meg, men vi har meir å gå på, seier Åge Frøystad, som til dagleg er musikkleiar i Sykkylven kommune.

Hundeidvik Blandakor har rundt 30 medlemmar. Koret blei skipa i 1871.

Her ser du klipp frå konsert i Sykkylven kyrkje, 15. april 2012. Gjest og solist var Stine Merethe Hole Ulla.

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.