30 deltakarar frå 12 kommunar er påmeldt til årets Førjulsmesse i Velledalen 17. og 18. november.
Leiar i Velledalen IL, Atle Hole, opplyser mellom anna at:
- Rifta om deltaking i årets messe er større enn nokon gong. 30 får plass, ti står på venteliste. Fleire har teke kontakt, men ikkje funne det bryet verdt å bli plassert langt ned på lista.
- Deltakarane kjem frå kommunane: Volda, Stranda, Giske, Haram, Molde, Ålesund, Norddal, Eid, Trondheim, Sula, Ulstein og Sykkylven.
- Tre av utstillarane stiller med lefser. Liv Hansen frå Austefjorden, May Teigen Roald frå Vigra, og Perdy Hansen saman med Solveig Lorentzen frå Sykkylven.
- Messa var i utgangspunket ei rein kunst- og handverkmesse, men har gjennom åra opna for andre «næringar» – rett nok i begrensa grad.
- Tyngda av varene er framleis heimeprodusert.
- For 20 år sidan var trearbeid, representert ved eldre menn, i fleirtal.
- I dag er det ulike smykker og strikking som er vekstnæringar. Og damene er i klart fleirtal som utstillarar.
- Liv Randi Bjørlykke, som for øvrig er utstillar på messa, har tidlegare skrive kåseri med tittelen: «Den store lefsekrigen i Velledalen». Kanskje må ho ut med ein del to av den etter årets messe.
Arrangørar er Velledalen IL og VRF.