Norske Talenter: – Aldri vore høgare nivå

Det er spenning og forventningar. Musikkvideo og show. Konkurransen i Norske Talenter spissar seg til for Stine Hole Ulla.

- I dag har eg ein flokk med sommarfuglar i magen. Eg kjenner meir på presset no enn i forrige veke, seier Stine til brabygd.no fredag morgon.

Ho fortel at ho blir påverka av mange flinke og talentfulle deltakarar, og kjenner på presset rundt det.

Etter fem delfinalar er ti semfinalistar plukka ut. Til TV2 seier dommar Mia Gundersen at ho er svært nøgd med semifinalistane:

- Eg veit at vi har sagt det fleire gongar, men det har aldri vore høgare nivå enn i år. Alle er så forskjellige, for vi har alt muleg med oss videre. Det kjem til å bli veldig variert og det kjem til å bli knalltøft å velge i semifinalen.

Uansett utfall i semfinalen på TV2 i kveld klokka 19.30, er Stine glad for å ha kome så langt og takknemleg for alle som har stemt på henne i konkurransen.

I dag skal Stine møte klokka 11.45. Då er det prøver på scena, sminke og generalprøve som står for tur. Deretter startar showet. Stine seier at det blir publikum tilstades under generalprøva, og at det gjer det ekstra spanande.

Denne veka har ho vore i Oslo der det er kaldt.

- Eg har blitt forkjøla igjen, men vi satsar på at det går bra. Veka har vore hektisk og gøy, med innspeling av musikkvideo på mandag og tirsdag. Det var ei veldig kjekk oppleving og gir minner som eg tar med meg vidare, seier ho.

- Kva er den største utfordringa ved å vere med i Norske Talenter?

- Det er nok spenninga, nervane, forventningane og det store presset som eg kjenner litt på.

- Kva er det beste?

- Alt eg får oppleve og lære. Og ikkje minst den støtta eg har fått frå bygdafolket, seier Stine Hole Ulla.

Les også:

Stine til semifinalen i Norske Talenter.

Norske Talenter: Heia Stine!

Fredag: Stine syng Time To Say Goodbye

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER.

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.