Norske Talenter: Heia Stine!

- Eg har sommarfuglar i magen, seier Stine Hole Ulla før siste delfinale i Norske Talenter på TV2 i kveld.

Stine er på plass i sminkerommet, i dag fredag 23. november klokka 14.25.

Brabygd.no snakka med Stine fredag morgon. Då hadde ho ein fin og fullpakka dag framfor seg:

Klokka 10.30 starta TV2 med prøving av lyd og lys, og kameratips. Klokka 14 var ho på plass i sminkerommet. (sjå bilde over) Deretter generalprøve. Heile programmet skal sitte før direktesendinga klokka 19.30.

Stine har vore forkjøla siste veka, men trur ikkje det skal ha så mykje å seie.

- Eg er bedre i dag, seier ho.

Sidan onsdag har talentet vore i Oslo der ho bur på eit hotell ganske nært Christiania Theater. Ho har fått gode råd, møtt koreograf, produsent og jobba med sangen «Nella Fantasia». I går prøvde ho antrekket på scena.

- Kjolen er klar. I dag skal eg møte usminka og bli dulla med. Uansett resultatet i kveld er eg veldig heldig som får oppleve alt, seier ho.

For nokre veker sidan var TV2 i Sykkylven for å lage ein introduksjon som vil bli vist før Stine går på scena i kveld.

- Den er eg også spent på. Dei intervjua meg heime og på rommet mitt. Vi tok turen til Sessvatnet og dei synest det var veldig fint der. Det er i skogen eg går når eg er stressa, seier Stine.

Åtte venninner frå Sykkylven har teke turen til Oslo for å heie på Stine. Også ordførar Petter Lyshol og mange i familien er til stades.

- Vi blir sikkert 40 personar. Det betyr mykje. Norske Talenter er spanande, gøy og skummelt. Men mest av alt er det ei fin og ny oppleving, seier Stine Hole Ulla.

Les kva Stine sa før andre runde i Norske Talenter her.

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.