Ny butikk 17.11: Frøken Fryd flyttar inn

Gråpapiret i vindauget skal ned. Inn kjem Frøken Fryd med fargerike tekstilar, lamper og bakst.

Siv Helseth opnar ny butikk på fredag. Det nye lokalet ligg på andre sida av vegen og speglar seg i vindauget til Fryd & Gammen. (Foto: Hanne Suorza)

Den nye butikken «Frøken Fryd» opnar torsdag 15. november i det tidlegare lokalet til Rønning Gaver. Siv Helseth, Hege Katrin Helseth og Eva Britt Aure er i full gang med å montere reolar og planlegge utstillingar.

- Frøken Fryd blir ei forlenga arm til interiørbutikken Fryd & Gammen, som ligg over gata. I den nye butikken blir det interiør og eit lite bakeri. Vi er heldige å ha med oss Ann-Mari Soltvedt, som arbeidde ved Moritz Bakeri for nokre år sidan, seier Siv.

Beteninga vil bake litt av maten sjølve. Dei tar sikte på lett lunsjmat som salatar, påsmurte baguettar og svart kaffe. Av og til vaflar, sveler og anna søtt. Nokre bord og stolar blir det også.

- Vi trengde meir plass i Fryd & Gammen. Når mulegheita kom i dette lokalet så tok vi sjansen på å utvide med tekstilar, gardiner og gardinutstyr. I tillegg vil du finne kommodar, eit godt utval i lampar og interiør til badet.

- Korleis er det å drive butikk i sentrum?

- Det er spanande, givande og mykje arbeid. Vi har mykje moro på jobb og med trivlege kundar så går dagane fort. Eg håper at vi får lys i alle tomme lokale. Vi må stå på for ei bygd med eit slagkraftig sentrum, seier Siv Helseth.

Hege Katrin Helseth, Siv Helseth og Eva Britt Aure satsar på interiør til hus og heim. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.