Dei har utvikla nye skihanskar og satsar friskt på utstyr til fjellentusiastar. Første veka i desember opnar Jan Halvard Holmøy, Knut Tore Fausa og Lars Olav Holmøy butikken Hardhaus.
- Her er vi plassert midt i Sunnmørsalpane og i ei bygd der folk veit å verdsette naturen, seier Jan Halvard Holmøy.
Butikken får adresse Bakkedamsvegen 20, i den tidlegare fabrikken til Brødrene Blindheim på Vik. I sjøkanten har dei panoramautsikt til fjell og fjord. Her skal det vere eit inkluderande miljø. Anten du vil ta deg ein tur for ein prat, teste produkt eller gjere eit kjøp.
I januar opnar dei tre gründarane også ein nettbutikk. Slik skal dei nå fjellfolk i heile landet som er på jakt etter alt frå sko, sekkar og ski.
Om vinteren vil Hardhaus ha fokus på utstyr til frikøyring, topptur og jibbing i park. Resten av året er det friluftsliv som står i fokus. Etterkvart er planen å arrangere guida turar i fjellet.
I tillegg nærmar det seg salstart for ein ny kolleksjon av hanskar til den alpine marknaden. Merket Steep Gloves har dei utvikla og sett i produksjon sjølve.
Sykkylvskarane, som alle er aktive på ski, veit at dei har sterk konkurranse både lokalt, regionalt og nasjonalt.
- Dette konseptet har vi arbeidd med sidan 2010 og vi trur det har ein naturleg plass i marknaden. Å ha ein fantastisk natur rett utanfor dørstokken er eit fortrinn. Der kan vi teste utstyr og hjelpe kundane med å tilpasse utstyr. Vi kan ikkje konkurrere på pris med dei store kjedene, men vi kan konkurrere på sortiment, kunnskap og service, seier Jan Halvard.
- Kven blir kundane?
- I butikken vil vi sjå sykkylvingar som nyttar naturen og ålesundarar på veg til Fjellsetra eller Strandafjellet. Også folk frå indre Sunnmøre er ei naturleg målgruppe for oss.
- Kva tenker de om å satse i Sykkylven?
- Vi har ein lang tradisjon i denne bygda for å starte opp ulike gründerverksemder. Her har vi uvurderleg hjelp frå enkelte som testar utstyr for oss. Andre bidrar med kontaktar til leverandørar i den internasjonale marknaden. Og ikkje minst har vi god kontakt med Harald Espeland i Sykkylven Næringsutvikling, seier Jan Halvard Holmøy.