Ny kraftline: 70 anleggsarbeidarar kan flytte til Sykkylven

Eit italiensk firma skal bygge nye kraftliner i Sykkylven. Arbeidarane treng overnatting, mat og aktivitetstilbod. Kva mulegheiter gir det for lokal handel, reise- og næringsliv?

- Vi tapte kampen om sjøkabel. No ser vi framover og på nye mulegheiter for bygda, seier ordførar Petter Lyshol.

Saman med styret i Sykkylven Næringsutvikling er han i gang med å kartelegge behova og ønskja til dei nye innbyggarane.

Det er i mars/april 2013 at omlag 70 personar kan kome til å flytte til Sykkylven for å arbeide her i 1,5 år. I periodar kan det bli mange fleire. Bakgrunnen er at det italienske firmaet Consorizo Italia 2000 er innleigd som hovedentrepenør av Statnett. Arbeidet er å bygge ut kraftliner og transformatorstasjonar.

Dagleg leiar i Sykkylven Næringsutvikling, Harald Espeland, seier at dette er ei svært interessant mulegheit for næringsdrivande i bygda.

I neste veke inviterer han difor ulike aktørar til å kome med forslag. Spørsmåla er: kva tilbod kan gi bygda vekst? Og korleis kan vi ta godt i mot dei som kjem? Sykkylven Næringsutvikling ønskjer innspel frå næringsliv, kultur og handel.

- Italienarane vil trenge overnatting og mat. Nye serveringstadar er høgst aktuelt. Arbeidarane treng lagringplass for utstyr og landingplass for helikopter. Dei skal trivast på jobb og på fritida, seier Harald.

Consorizo Italia 2000 arbeider i dag med tilsvarande oppdrag i Sogn og Fjordane. Der bur dei i brakkeriggar på Nordfjoreid.

Sykkylven kommune kan kome til å gjere det annleis. Det kan bli aktuelt med overnatting i skip, eller andre stadar.

- Vi har ikkje meir enn tida av vegen. No gjeld det å vere kreative, seier Harald Espeland.

I forrige veke hadde styremedlemmar i Sykkylven Næringsutvikling eit møte med ein representant frå det italienske firmaet. Han vil også vere med på møtet i Sykkylven i neste veke. Dato er ikkje bestemt. Møtet er ope for alle.

Fakta om kraftlina mellom Ørskog – Sogndal:

  • 285 km kraftleidning med totalt ca 800 master.
  • Seks nye transformatorstasjonar (Sogndal, Høyanger, Moskog, Ålfoten, Ørsta og Sykkylven).
  • Sanering av Fardal transformatorstasjon i Sogndal og fjerning av ca 170 km av eksisterande stålmastleidningar.
  • 15 kommunar er involvert: Ørskog, Sykkylven, Ørsta, Volda, Eid, Bremanger, Flora, Naustdal, Førde, Jølster, Gaular, Høyanger, Balestrand, Leikanger og Sogndal
  • Er kostnadsrekna til mellom 4.7 og 5.5 mrd.
  • Ferdiggjering i løpet av 2015.

(Kjelde: Statnett)

(Foto: Statnett)

5 total comments on this postSubmit yours
  1. Beklager om eg verkar pessimistisk, men eg kan ikkje sjå dei store potensiala når 70 personar skal bu i ei bygd på nesten 8000 i 1,5 år? Korleis er dette ein måte for næringsdrivande å kunne utvikle seg på?

    Ser med gru på denne naive haldninga ovanfor næringsutvikling, og etterlysar meir satsing på innovasjon og utvikling av produkt – spesielt med tanke på små og mellomstore bedrifter.

    Men vil sjølvsagt ynskje italienerane velkomne til Noregs finaste bygd!

  2. Her tror jeg du tar feil Erik. Det vi her snakker om er den nest største enkeltinvestering som er blitt gjort i Sykkylven noen gang
    70 italienere er en bit i det hele. Det vil bli kjøpt mye varer og tenester i området og det gjelder å se mulighetene. For å vere ærlig tror jeg ikke innbyggerne i Sykkylven forstår hvor stort dette er. I tiden fremover vil vi se konturene i det store prosjekt
    Håper alle i Sykkylven kan se det positive i dette. Prosjektet er bestemt og vil uansett bli gjennomført. Da gjenstår det å få mest mulig ut av det lokalt
    Dette blir spennende

    Det ene utelukker ikke det andre

  3. Vonar faktisk at eg tek feil Geir! Tiltross for at eg ikkje påstår at eg sitt med svara, men stillar meg ganske undrande til heile innstillinga jfr dette.

    Den nest største enkeltinvesteringa går på den nasjonale infrastrukturen til kraft, og har faktisk problem med å sjå korleis denne skal kome Sykkylven til gode anna enn eventuelle stønadspenger (og eigendomsbeskatning på der mastene står) vi kan motta.

    Kan du fortelje meg kva varer og tenester som vil bli kjøpt i området som har med denne investeringa å gjere? Er ikkje omtrent alt bygningsmateriale o.l kjøpt i utland?

  4. Som Sunnmøringar flest så snur vi på krona for å få mest ut av den, ikkje noko galt med det, men i artikkelen nemnes og kultur og fritid.

    Italia og fotball, treng vel ikkje sei så mykje meir. Veit ikkje heilt korleis det står til med bedriftsfotballen i bygda, men å invitera firmaet til å delta er kanskje ein ide. Det same gjeld også for sykkel og sykkelklubben.

  5. Ringvirkninger på dette prosjektet er stor,det gjelder innkvartering,mat,drikke,renhold,drivstoff,innleing av tjenester av lagring og monteringsplasser,grunnarbeid for tilrettelegging av tilkomststeder og myemye mere ,så dette må da være positivt til sykkylven etter min mening

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.