Nytt møter gammalt i Årbok for Sykkylven

Det handlar både om kunst, pendling, dans og drikking når årboka for Sykkylven blir lansert mandag 26. november.

Kjell Løseth er medlem i årbokredaksjonen. Han har møtt tekstilkunstnar Marit Akslen.

I løpet av dei siste 20 åra er bortimot tusen sider lokalhistorie samla i årbøkene for Sykkylven. Det heile er basert på frivillig innsats. Årboka kom ut første gong i 1992 og har sidan då vore ein fast produksjon. Dei siste åra har opplaget vore på 1350 eksemplar.

Redaktør Kjetil Tandstad seier at årboka er meir enn eit reint historietidsskrift. Det er også dagsaktuelle saker med. Nytt blir historie i det lange løp.

- Reportasjestoff er viktig. Kvifor vente til stoffet nesten er gløymt før vi skriv om det? spør han.

Redaktør Kjetil Tandstad har skrive fleire artiklar, mellom anna «Den lange kampen om dans og drikk.» (Klikk for større bilde)

Smakebit

Måndag inviterer redaksjonen til årbok-slepp i lokala til Norsk Møbelfaglig Senter i Storgata 18. Kjell Løseth, som har intervjua tekstilkunstnaren Marit Akslen, og Jarle Tusvik som har skrive muntre historier frå fabrikkgolvet, vil gi smakebitar frå sine bidrag.

I den 72 sider lange årboka for 2012 blir tekstilkunstnar Marit Akslen presentert over sju fargesider. Her er dikt av Roald Solheim. Kampen om dansing og drikking i ungdomslagsrørsla gjennom meir enn hundre år, er også med. Like så eit intervju med Aasmund Hovet som har pendla over fjorden i 43 år.

- Det er truleg ingen som har reist så mange ferjeturar mellom Sykkylven og Magerholm som han, skriv Eldar Høidal i Årboka.

Bildeglimt frå reportasja «Over fjorden på arbeid i 43 år».

I årboka kan vi også lese ei segn om korleis ramstaddalingane dansa på Dansarnakkane medan ei vakker jente bles i lur til dei frå Barbrotua. Vi kan lese om Skomakargata i Sykkylven og om humor i fabrikkmiljøet. Ein årskavalkade frå det siste året blir som ein «hvem-hva-hvor» for Sykkylven.

For unge og eldre

- Den store etterspurnaden viser at dette er noko folk vil ha. Ved å mobilisere borna i grunnskulen som seljarar, får dei tidleg eit forhold til årboka og det som står i ho. Eit anna poeng er at årboka akkurat går inn i ein A3-konvolutt og difor er grei å sende land og strand rundt til utflytta sykkylvingar til jul, seier Kjetil.

Redaktøren trur at folk kjøper årboka fordi dei synest det er nyttig og triveleg.

- Kunnskap om Sykkylven før og no er viktig for dei som bur her. Når fjernsynet med sin internasjonale kommersielle kultur får stadig meir plass, blir det også eit behov for å dyrke det spesielle og lokale.

Årboka blir selt i bokhandelen og distribuert av elevar i grunnskulen som får 25 kroner per selde eksemplar. Skulane kan bestemme om pengane skal gå til elevane sjølve eller om det skal gå til fellestiltak.

Ønskjer fleire bidrag

Det er den kommunale Sykkylven sogenemnd som står bak årboka. I praksis er arbeidet sjølvfinansiert og redaksjonen styrer seg aleine.

I redaksjonen sit Kjetil Tandstad, Eldar Høidal, Thor Willy Strømme, Jarle Tusvik, Aase Wick Sætre og Kjell Løseth. Alle desse er dragsytarar stort sett kvart år. I tillegg sender ein del faste skribentar inn artiklar. Grafisk designar Eldar Tandstad har vore med nesten heile tida.

Fleire er velkomne:

- Redaksjonen er ingen lukka klubb. Vi er heile tida ute etter fleire medlemmar i redaksjonen og andre som vil skrive i årboka. Kvart år har vi eit møte i januar-februar der vi legg fram våre idear. I august-september er det deadline. Vi ønskjer oss stoff frå folk i alle aldrar og ikkje berre frå innfødde sykkylvingar. lnnflyttarar og folk frå andre kulturar er ekstra velkomne, seier Kjetil Tandstad.

Eit av mange tilbakeblikk i Årbok for Sykkylven i 2012. (Klikk for større bilde)

- Under krigen hadde vi kastenot som vi brukte nesten kvar dag frå isen reiste i april og til hausten kom, skriv Per Fauske i artikkelen «Fiskeri i Sykkylvsfjorden».

2 total comments on this postSubmit yours
  1. Flott omtale av Årboka. Får håpe det fører til at mange får lyst til å skaffe seg boka og lære meir om lokalsamfunnet i fortid og samtid:-)

    • Håper det – innhaldsrik bok!

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.