Ope møte med italiensk firma 15.11: – grip sjansen!

 Arbeidarane i Consorzio som flyttar til Sykkylven i mars vil handle varer og tenester, gå på pub og lage mat i bygda. Torsdag 15. november inviterer Sykkylven Næringsutvikling til ope møte.

Bakgrunnen til møtet er at mellom 30 til over hundre personar vil bu i Sykkylven for å arbeide med kraftmaster. Dei kjem 1. mars 2013 og vil vere her i opptil to år. Difor ser Sykkylven Næringsutvikling og Consorzio Italia 2000 på alternativ for overnatting, mat, fritidstilbod og lokal handel.

Torsdag 15. november klokka 16.30 inviterer Sykkylven Næringsutvikling til ope møte i Sparebanksalen. Aktørar frå næringsliv, handel og reiseliv er spurt om å kome med innspel. Målet er å kartlegge kva Sykkylven har å tilby.

Odd Ivar Paulsen som arbeider i Consorzio, seier at han har kollegaer frå mange land, mellom anna Italia, Spania, Portugal og Brasil. Dei er i alderen 20 – 65.

- Vi kjem først og fremst for å gjere ein jobb og blir i bygda i inntil to år. Vi er sikre på at Sykkylven tek i mot oss like godt som Nordfjordeid, der vi er no, seier han og legg til:

- Consorzio er opne for mange alternativ. Vi er ikkje kravstore og har dei same behova som samfunnet elles.

Varaordførar i Eid kommune, Gunvald Ludvigsen, seier at tilflyttarane har vore ei positiv erfaring i bygda.

- Så langt er det eit fint møte med spanande folk. Det er heilt klart ei mulegheit til å levere varer og tenester, seier han.

Høgt skal dei henge. (Foto: Statnett)

Opp til oss

I følge styreleiar i Sykkylven Næringsutvikling, Arne Hanssen, kjem det an på korleis vi klarer å legge alt til rette. Han vil leie møtet der representantar frå Consorizo, og truleg også Statnett, vil vere til stade.

Arne, som sjølv er grundar, oppfordrar folk til å gripe sjansen:

- Dersom nokon har ein plan om ei nyetablering kan dette gi ein «flying start», seier han, og tenker spesielt på gode idear innan servicenæringa.

Consorzio Italia 2000 er leigd inn som hovedentrepenør av Statnett. Oppgavene er mange. Dei skal mellom anna støype fundament, bygge master og strekke liner.

Kommunikasjonsrådgiver i Statnett, Martha Hagerup Nilson, seier at det no blir arbeidd med ein rapport som vil vise kor stor del av invisteringane rundt kraftlina mellom Ørskog og Fardal som finn stad i lokalsamfunna. Utbygginga er kostnadsrekna til 4,7 – 5,5 milliardar kroner.

- Vi ser at arbeidet gir ringverknadar for Nordfjordeid. Mellom anna når det gjeld overnatting, mat og leige av transport, seier ho.

Arbeidet i Sykkylven er i gang. Lokale entrepenørar står for vegarbeid. I følge byggeleiar i Statnett, Asbjørn Tenfjord, kan det også bli aktuelt å leige inn hjelp til for eksempel støyping av fundament.

Arne Hanssen gir her ei oversikt før møtet torsdag 15. november:

Overnatting

Kvar skal arbeidarane bu? Det er hovudutfordringa i kartlegginga. Hotellskip og brakkerigg er alternativ. Kvar skal dei i tilfelle plasserast? Å bygge 70 rom i Tynesfabrikken er også nevnt. Kanskje finn dei husrom på Fjellsetra, eller i eksisterande hotell og hytter? Det er også aktuelt å leige leilegheiter og hus til nokre av dei tilsette.

Mat

På Nordfjordeid har Consorzio etablert eige kjøkken med italiensk kokk. Det er mulegheiter for at dei vil dele matopplevingane med oss, dersom det er interesse for ein smak av Italia.

Det er behov for kjøkken og kantine.

Bygg og handel

Kva kan vi gjere for at Consorzio handlar i Sykkylven? Dei vil trenge maskiner, serviceutstyr, skruar, mutterar, drivstoff, utstyr til forskaling og armering, og mykje meir.

Kai

Ei mulegheit er at kraftmastene kjem sjøvegen. Korleis løyse det best muleg?

Kontor

Det er ønskje om eit lokale med 6-10 kontorplassar.

Vaskeri

Det blir haugar på med arbeidsklede som treng vask. Consorizo vurderer å leige eit lokale til vaskeri. Men dei er opne for alternativ dersom nokon i Sykkylven er interesserte i jobben.

Reingjering

Det er behov for reingjering av bustadar.

Helikopterlanding

Statnett opplyser at det blir stor helikoptertrafikk dei neste åra. Det er mellom anna planlagt landingsplassar på Løseth, mellom Ekornes og Hundeidvik, på Gjeveneset, ved Grebstadsetra og på Riksheim.

Kva arbeid kan lokale firma utføre?

Transport

Det blir behov for å leige bilar.

Lager

Consorzio er på leit etter eit 800-1000 m2 stort innandørs lagerlokale. I tillegg kjem lagringsplass til maskiner og utstyr ute. Dette må sjåast i samanheng med kontor, kantine og helst baseplass for helikopter.

Kraftmaster skal også oppbevarast, helst nært kai.

Fritid

Søndag blir fridag. Consorzio vil gjerne oppleve lokal kultur. Dei kan tenke seg å svømme, gå på kino, kafe, pub, å synge, fiske og gå fjellturar saman med guide. Mulegheitene er mange og ganske like våre ønskjer for fritida. Kva kan vi tilby?

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.