Sentrum: byggeskikk og estetikk

 Kan ein designmanual gi sentrum eit kjapt løft?

Ein designmanual vil gi retningslinjer for bruk av fargar, material, dekor, skilt og lys.

Den eine vinnaren i arkitektkonkurransen for sentrum foreslår ulike tiltak som kan settast i gang raskt. Å ta i bruk fine bakgardar og smug eir eit grep. Å utarbeide ein designmanual er eit anna. Det blir peika på at det er viktig at gater og bygningar blir tilpassa den stilen som allereie er på plass. Målet er å binde saman sentrumsgatene. Estetikk må til.

Arkitektkontoret Lala Tøyen i samarbeid med Pir II og NIBR, som står bak forslaget «Topp Torg» skriv:

På gamle bilder av Aure er husa mala kvite eller lyse grå. Kan dette bli sentrumspaletten for mala trehus og pussa murhus?

Å velge farge på fasade er ikkje lett. Konkrete tips om fargekodar kan gjere det enklare når hus skal få nytt strøk med maling. Det gjeld også ved val av nye skilt, dekor og lys.

Kva som er fint eller stygt er subjektivt, men visse reglar for rom og orden, estetikk og tradisjon er klare. Visulle føringar vil tydeleggjere og styrke sentrum sin identitet. Det er viktig for trivsel, auka busetnad og turisme. Difor har mange kommunar ein plan for god byggeskikk.

Sykkylven kommune arbeider systematisk med nye planar for sentrum. Langsiktige mål blir definert og sett i gang. Ein designmanual bør utarbeidast av fagfolk, det kostar pengar og difor er den ikkje på plass enda.

I sommar blei det pynta med blomar i rundkøyringar og i andre miljø. Sjeldan har så mange av inngangspartia til butikkane vore så fine. Sentrum har særpreg.

«Det lille ekstra», ny aktivitet i ein bakgard eller rydding av gater krev ekstra arbeidsinnsats. Jobben er stor for få personar og kjappare når mange stiller opp.

Dette er henta frå forslaget «Topp Torg»:

Alle kan ta del! Vil du stille på dugnad for eit felles løft?
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.