Sentrum: I denne bakgarden blir det nytt liv

Smuget mellom butikkane skal rustast opp og bli ein ny samlingsplass i sentrum.

Tek tak i sentrum: Magnar Kvalvåg (Gjensidige), Ingvill Aure (Smått&Stort) Peggy Emdal (A. Loland) og Aleksander Midtgård (Fokus Sport) ønskjer å bevare grøntområdet, og legge til rette for aktivitet og trivsel. (Foto: Hanne Suorza)

- Her er det lunt. Og bakgarden ligg nært den nye leikeplassen i kyrkjeparken, seier Magnar Kvalvåg i Gjensidigebygget.

Fem huseigarar og sju handelsdrivande i kvartalet arbeider med spanande planar. Dei vil ruste opp området, stenge det for trafikk og ser på mange mulegheiter.

- Nokre av butikkane har inngang ut mot bakgarden. Andre vurderer å setje inn nye dører. Det vil bli bord og stolar. Arthur Kaffebar har allereie ein eigen liten bakgard. Nye markiser vil gi tak over store delar av området. Slik skal det ligge til rette for nye former for sal og aktivitet. Seinare kan vi utvide, kanskje bygge eit tak, seier Magnar og legg til:

- Det går ganske kjapt. Vi hadde det første møtet i forrige veke og no trur vi på ein fin plass utan for store kostnadar.

Involverte aktørarar er Hjørnegården, A. Loland, Brødrene Aursnes, Expert, Fokus Sport, Arthur Kaffebar, Smått & Stort, Sykkylven Bok & Papir, Din Stil og Gjensidige.

Sykkylven kommune arbeidar med å kartlegge kostnadar, og vil søke Møre og Romsdal fylkeskommune om midlar til planlegging.

Les om sentrum sitt særpreg her. Og om lokal handel her.

Potensial

Vinnarane av arkitektkonkurransen for sentrum, som blei avslutta i haust, peika på at det er viktig å utnytte fine smug og bakgardar.

I planforslaget «Topp Torg» er eit større torg med navnet Fjelltorget foreslått i Pilgata, mellom Nordea og Vinmonopolet. Områda skal samle folk og vere viktige bidrag til eit nytt sentrum.

På tvers av torget ligg dei to flottaste bakgardane på Aure, med lune og fine uterom og stort potensiale til å bli ein del av sentrum sin naturlege gjennomfart for fotgjengarar frå skulen eller busstasjonen. («Topp Torg»)

Det står også:

Det videre arbeidet med sentrum må vise synlege endringar undervegs. Den langsiktige prosessen med planlegging og oppstart av reguleringsplanen må supplerast med kjappe tiltak..!

Arkitektkontoret foreslår ein modell for ‘booking’ av torget, med mål om minst ein spanande aktivitet kvar laurdag.

Kanskje kan ein liknande mini-modell bli prøvt ut i den nye bakgarden?

Klikk for større bilde. (Arkitektkontoret Lala Tøyen (tidlegare Lalaland) i samarbeid med Pir II og NIBR, står bak forslaget «Topp Torg»)

2 total comments on this postSubmit yours
  1. Meget bra tiltak… stå på så blir sentrum et trivelig og livlig sentrum…

    Meget imponert i det Gjensidige bidrar og har bidratt med i Sykkylven…

    All honnør til alle dem som har ”driver/initiativ ånden” over seg…

    TIPS! Vi skulle hatt en ”skryte/all honnør side” der avisene i slutten av måneden drar frem de som har bidratt med tiltak i måneden som gikk for at bygden skal bli en bra/trivelig plass å bo…

    • Sant! Mange som står på!

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.