Arbeidet med å bygge ny leikeplass i kyrkjeparken er i gang. Planen er at den skal vere ferdig 1. mai neste år.
Leikeplassen blir forma som ein sirkel. Her blir det mellom anna sandkasse, disser, silebane og båt. Barn i ulike aldrar skal kunne forme, klatre, balansere og ake.
Det blir bygt benkar og bord. Teikningane viser element i orange, lilla, turkis, aluminium, gummi, tre og naturstein.
Leikeplassen er eit ledd i sentrumsplanen for Sykkylven. Arbeidet er finansiert av Gjensidige og Sykkylven kommune.