Treningsenteret tar i bruk ei ny etasje og blir 100 kvadratmeter større.
Handelservice, som har hatt kontor i etasja under Stamina HOT, har flytta til Hjellegjerde-fabrikken. Dermed opna det seg ei mulegheit for at treningsenteret kunne få meir plass.
Dagleg leiar Monika Settemsdal fortel om eit stort behov.
Korleis den 100 kvadratmeter store etasja skal bli utnytta er ikkje bestemt. Men Monika lovar ny spinningsal, med omlag 30 syklar. Det vil bli lagt til rette for funksjonell trening med for eksempel ball, slynger og vekter.
Denne veka blei det slått hol i golvet mellom resepsjonen og tredemøllene. Her kjem ei ny trapp. Inngang til treningsenteret blir som før.
Første etasje opnar etter nyttår.
Eldar Høidal
15. november 2012
Takk for nyttig artikkel om Stamina HOT. Ja, utviding av treningsarealet er nødvendig. Særlig spinnsyklistene ser nok fram til litt mer romslige forhold. Jeg skjønner godt de som trekker inn i lyse og varme lokaler for å trene når det er mørkt og trist ute- og så er det så sosialt:-)
Hanne
30. november 2012
Blir bra!