Stine Hole Ulla gjer bygda stolt. Sykkylven har ein finalist i Norske Talenter!
17-åringen var blant dei tre som fekk flest stemmer i semifinalen på TV2 fredag kveld.
Framfor eit entusiastisk publikum og begeistra dommarar framførte Stine sangen «O Holy Night».
Det er ingen tvil om at 17-åringen blei glad for tilbakemeldingane.
Mia Gundersen meinte Stine var trygg og at ho fekk vist kva ho kan. Adil Khan sa: «Det er heilt perfekt. Punktum.»
Ti semifinalistar kjempa i kveld om plass i finalen i Norske Talenter. Tre gjekk vidare.
- Eg er heilt mållaus, seier Stine til TV2 rett etter resultatet blei klart. Sjå det første intervjuet her.
Sunnmørsposten: Stine i finalen!
Les også:
Norske Talenter: – Aldri vore høgare nivå
Stine til semifinalen i Norske Talenter.