10 spørsmål om Sykkylvsbrua

Kva er nytt på Sykkylvsbrua? Bør du endre til e-faktura? Når blir brua nedbetalt?

(Foto: Hanne Suorza)

Her gir styret i Sykkylvsbrua AS svar på 10 ofte stilte spørsmål:

1. Kva er nytt med betalingsystemet?

- Brikka fungerer som før. Bilar utan brikke blir fotografert og får tilsendt faktura. Slike passeringar kan du framleis betale på Statoilstasjonen innan 3 dagar, eller på www.vegamot.no innan tre veker etter passering.

2. Kvifor får eg sjeldan grønt lys sjølv om eg betaler fast kvar månad?

- Dei som køyrer mykje vil ofte ligge etter med betalinga. Du får grønt lys for dei passeringane som det er dekning for på brikka, og betaler dei andre turane på etterskot. Vi rår difor dei som har mange passeringar kvar månad om å endre avtalen frå avtalegiro til e-faktura, eller å be om faktura i posten.

3. Når får eg faktura for passering utan brikke?

- Faktura kan kome inntil 1,5 månad etter passering (fakturering blir utført etter den 22. i kvar månad). Dersom det er fleire passeringar i løpet av ein månad, vil du motta ein samlefaktura. Døme: ved passering i oktober vil du motta faktura i slutten av november eller i byrjinga av desember.

4. Får eg tilleggsgebyr på faktura?

- Nei, ikkje om fakturaen blir betalt innan fristen.

5. Når blir brua nedbetalt?

- Brua vert nedbetalt når all gjeld, inkludert aksjekapitalen, er tilbakebetalt. Etter prognosane blir det i andre halvår i 2017.

6. Kvifor blir nedbetalinga meir enn 15 år? (Bilistar byrja å betale for passeringar i februar 2001)

- Det blei nokre meirkostnader på slutten av byggeperioden. Mellom anna stor auke i driftskostnaden på betalingsystemet, lys og rekkverk mellom gang og køyrefelt.

7. Korleis er brua finansiert?

- Sykkylvsbrua har ikkje statleg støtte, i motsetnad til andre bru- og tunellselskap. Brua er finansiert gjennom lånekapital og aksjekapital. Dei tre største aksjonærane er Sykkylven kommune, Ekornes og Gjensidige. I tillegg kjem støtte frå næringsliv, Brufinans og private aksjonærar.

8. Er drifta av Sykkylvsbrua dyrare enn andre bruselskap?

- Nei, vi ligg mykje lågare enn andre selskap. Dette er eit «lågkostnadselskap», utan faste tilsette.

9. Kvifor nyttar Sykkylvsbrua Q-fri som betlaingssystem?

- Dette blei bestemt av staten.

10. Kvifor bygge om stasjonen no?

- Sykkylvsbrua var det første selskapet som tok dette systemet i bruk. Anlegget var utsliten og svært lite brukarvennleg.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.