Torsdag 15.11: sjå stjerner og planetar på Vaarvon

Korleis kan vi finne fram på stjernehimmelen? Korleis bruke Karlsvogna til å stille klokka? Og korleis sjå forskjell på ei stjerne og ein planet? Det kan vi få svar på når stjernekjennar Torbjørn Urke kjem til Vaarvon 17. november.

Torbjørn Urke kjem til Vaarvon med stjernekikert. (Foto: T.Urke)

Avdelingsleiar ved Sykkylven Naturiske Museum, Magnhild Vatne, har sendt oss denne teksten:

Temakveld om stjernehimmelen

Torsdag 15.november inviterer UL Samhald og Sykkylven Naturhistoriske Museum på nytt til temakveld på Vaarvon i Straumgjerde. Denne gongen er det stjernekjennaren i Nytt i Uka Torbjørn Urke som kjem.

Urke vil fortelje korleis ein kan finne fram på stjernehimmelen. Almanakken og stjernekart er gode hjelpemiddel og kan mellom anna brukast til å sjå forskjell på planetar og stjerner. Han har også med stjernekart for sal.

Historier høyrer også med, og han vil fortelje korleis vikingane gjorde seg hjelp av stjernene til å finne vegen over hava. Han vil også vise korleis folk brukte Karlsvogna til å finstille klokker som viste feil tid.

Vert det klårver, har han tenkt at vi skal prøve å finne fram under open himmel. Det er moro, hevdar han! Urke er gamal pedagog, og stortrivst når han får formidle om si store interesse – stjernehimmelen.

Det vert også «stjernemusikk og song» med Ola Rotnes med fleire. Og sjølvsagt vert det tid til stjerneprat over ein kaffikopp og noko og bite i. Velkomne til ein triveleg kveld i Staumgjerde!

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.