Trend november, del 1: glitter, fest og moro

Det er festsesong og tid for det lille ekstra.

For to veker sidan kunne du lese om julehandel her på brabygd.no. Eg oppfordra til å handle lokalt, mellom anna fordi det må til for å gi bygda vekst.

Brabygd.no vil aldri bli ein moteblogg, men litt trendstoff høyrer med. I løpet av dei neste dagane kan du lese tre små motereportasjar.

Stil handlar ikkje om størrelse eller alder. Og kvardagen vår handlar ikkje om avant-garde eller den lille svarte. I det store bildet er ikkje klede viktig. Men mange ser på det som avkobling og ein måte å uttrykke seg på.

Festsesongen byr på eit stort utval av elegante kjolar og bukser. Denne månaden ser vi enkle snitt, feminine bluser og tidlause pumps. La det glitre i store øyredobbar, naglar, sløyfer, chiffon og skinn!

Her er nokre lokale favorittar i november – del 1:

SKO /Din Stil – ØYREDOBBAR/Loland – BLUSE/Silhuett – VESKE/Strømme – BUKSE/Silhuett – NEGLELAKK/Parfymelle (Foto: produsentane)
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.