Ungdomshuset Vaarvon i Straumgjerde er ein av tre nominerte til Godt Vern-prisen 2012 på Sunnmøre. Prisutdelinga finn stad på Skodje i morgon, søndag 25. november.
I følge papirutgåva til Sunnmørsposten fredag 23. november, har juryen plukka ut tre kandidatar. Dei er vurdert utifrå utvendig vern og vedlikehald, innsats, stimulering og resultat.
Dei to andre finalistane er kunstnarparet Sidsel Colbjørnsen og Ørnulf Opdahl sitt våningshus og løe på Godøy, og stabburet Langelandsgården som ligg vegg i vegg med kjøpesentra på Moa.
Til Sunnmørsposten seier sekretær i Fortidsminneforeininga på Sunnmøre at Ungdomslaget Samhald har samarbeidd med fylkeskonservatoren, noko som sjølvsagt er bra. Det er alltid ei utfordring å restaurere bygg som skal vere i aktiv bruk, som for eksempel eit ungdomshus.
Ungdomshuset Vaarvon blei bygt i 1912 og feirar 100 år i år.
Sjå fleire bilder og les meir om Vaarvon her.
Godt Vern-prisen blir delt ut på Skodje i morgon, søndag 25. november, i samband med at Fortidsminneforeininga fyller 30 år.