Vaarvon vann!

Ungdomshuset Vaarvon er tildelt prisen for Godt Vern på Sunnmøre 2012.

Frå prisutdelinga på Jentekolonien i Skodje i kveld. Frå venstre: Sigmund Kleppe, Kjell Løseth (nestleiar i UL Samhald), Astor Johansen, Svein Flaate, Harald Kjølås (prisutdelar) og Vibeke Lunheim (leiar i Fortidsminneforeininga). Inger Giskeødegård har måla bildet av Vaarvon. (Foto/MMS: Eldar Høidal)

- Prisen er ei glimrande anerkjenning. Eg er glad og stolt, seier driftsleiar i Ungdomslaget Samhald, Jarle Strømmegjerde.

Han gir heider og ære til byggenemda med Svein Flaate i spissen, som var til stades under Fortidsminneforeininga på Sunnmøre sitt 30- årsjubileum på Skodje i kveld.

Godt Vern-prisen blei delt ut for første gong i 1985, og går til ein privat eigar/forvaltar av bygnadsarven på Sunnmøre.

Vinnaren har på ein god måte teke vare på arkitektoniske og antikvariske verdiar i eigedomen sin. Juryen legg normalt først og fremst vekt på kvaliteten i eksteriøret.

- På Vaarvon er det først og fremst salen som har imponert juryen. Difor er det ekstra gledeleg at vi vann, seier Jarle.

Ungdomshuset Vaarvon blei bygt i 1912 og feirar 100 år i år. Sidan 2007 har Vaarvon blitt pussa opp og bygt på. Fargar, utsmykkingar, amfi og scene gir huset særpreg. Mesteparten av arbeidet har vore gjort på dugnad av ulike aktørar. Nesten 10 000 timar er lagt ned i frivillig innsats. Det er investert rundt to millionar kroner.

Les meir om historia til Vaarvon.

Les meir om Godt Vern-prisen.

I 1996 blei Godt Vern-prisen tildelt Berlihuset på Klokkarhaugen i Sykkylven. Det er Sunnmørsposten og Fortidsminneforeininga avdeling Sunnmøre, som deler ut prisen.

1. Bygmmeistrane Strømsheim og Strøm gav denne lysekrona i gave 14. desember 1912. Krona kan heisast heilt opp i taket og ned til golvet. 2. Viktige levereglar i 1912: «Upp og fram til liv og ljos» og «Heidra Far din og Mor di». 3. Rosemålinga er original, men delvis reparert av Petter Jarnes. 4. Jarle Strømmegjerde er leiar i Ungdomslaget i Straumgjerde.. (Foto: Hanne Suorza)

Ungomshuset Vaarvon i ny drakt. (Foto: Hanne Suorza)

3 total comments on this postSubmit yours
  1. Gratulerer til alle som har gjort ein kjempeinnsats og skapt eit flott bygg for heile bygda.

    • Ja! Gratulerer til Vaarvon!

    • :)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.