Klara blir med på slåtten og tar turen til fjells for å lage mjølk.
Dette er fjerde og nest siste del i ein historisk fargefilm frå Sykkylven og andre stadar i landet.
Bak kamera stod Klara Wike. Ho var søster til Olav, Einar og Lars Andreassen. Klara blei fødd i Stordal, og flytta til Canada i tidleg alder. I 1948 var ho i Norge på ferie, mellom anna for å vere fadder til Kari Andreassen Steinsvik.
Den kreative kvinna dreiv butikk i Vancouver og arbeidde også som journalist i avisa Norrøna, som blei skrive for emigrerte nordmenn i Canada.
I dei tre første episodane har vi fulgt Klara på reise frå New York til Ålesund, Sykkylven, Stordal, Stranda og Valldal.
I dag reiser Klara til fjells før ho besøker Vikebukt og Bodø.
Siste og femte episode ser vi i morgon, mandag 12. november. Då blir det bilder frå Stranda og Båtsfjord.