Møre og Romsdal fylkeskommune har løyvd 100.000 kroner til å utvikle bakgarden mellom Nordea og Gjensidige på Aure.
Det skriv Sykkylven kommune på si heimeside onsdag 12. desember.
Smuget mellom butikkane skal rustast opp og bli ein ny samlingsplass i sentrum. Brabygd.no skreiv om planane i bakgarden i slutten av november. Les meir her.
I følge Sykkylven kommune såg arkitektane som deltok i idekonkurransen om sentrumsutvikling store mulegheiter for gardsromma inne i kvartala på Aure.
Målet er å skape eit attraktivt rom for trivsel og meir handel. Prosjektet skal gjennomførast i løpet av vintermånadane.
Les også: Eit sentrum med særpreg.
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER

Nye planar: Magnar Kvalvåg (Gjensidige), Ingvill Aure (Smått&Stort) Peggy Emdal (A. Loland) og Aleksander Midtgård (Fokus Sport) er blant dei som ønskjer å bevare grøntområdet, og legge til rette for aktivitet og trivsel. (Arkivfoto: Hanne Suorza)