Sykkylven storband skriv:
Kom i julestemning med Hilde Louise og Sykkylven storband
Siste fredag før jul inviterer Sykkylven storband saman med Hilde Louise Asbjørnsen til førjulskonsert på Sykkylven kulturhus.
Hilde Louise har i haust hatt eit stramt turnèprogram etter ho lanserte den siste plata si, Månesjuk i oktober. Ei plate som har hausta svært gode kritikkar både i aviser og radio.
Storbandet var heldige som fekk i stand denne julekonserten i ein hektisk periode for Hilde Louise.
Denne fredagskvelden møter du Hilde Louise med fullt storband i eit julepynta kulturhus med småbord, gløgg, levande lys og eit reportoar fylt av gode julelåtar.
Du får høyre mange av dei mest kjende julelåtane frå norsk og amerikansk tradisjon som t.d. Romjulsdrøm, Glade Jul, Winter Wonderland og Let It Snow i spennande arrangement for storband.
Hilde Louise vil saman med Sykkylven storband også presentere nokre låter frå sitt reportoar og ein låt frå siste plata si, Månesjuk.
Dei siste dagane før jul er hektiske for oss alle, men kanskje kan denne kvelden gi deg eit kulturelt påfyll og ei god julestemning.
Sykkylven storband og Hilde Louise Asbjørnsen gler seg veldig til denne konserten og håper at mange vil kome på Kulturhuset fredag 21.desember.
Helsing Sykkylven storband
Hilde Louise Asbjørnsen sin siste musikkvideo «Gjer det igjen» er spelt inn på Centralteateret i Oslo: