22. desember syng Stine Hole Ulla saman med Velledalskoret i Sykkylven kyrkje.
Dirigent i Velledalskoret, Solveig Håvik, var songlærar for Stine i fire år.
- Vi møttest i sommar og då spurde eg henne om ho ville vere med på konserten. Det ville ho gjerne. Då visste vi ingenting om den store konkurransen ho skulle ta del i, seier Solveig, som rosar talentet.
- Ho var ein draumeelev med ein nydeleg personlegdom. Men som vi alle veit, så blir ingen god utan øving. Det ligg mykje hardt arbeid bak den vakre stemma. Stine kom alltid ferdig oppvarma og er eit arbeidsjarn, seier ho.
Solveig, som underviser ved Ørskog musikkskule, trur Stine blir ein flott ambassadør for klassisk musikk.
- At Stine vann Norske Talenter er gøy. Eg ser at ho allereie har effekt på andre ungdommar. Mange oppdagar kor vakkert og underhaldande klassisk musikk er. I Norske Talenter heva Stine nivået ved måten ho er på. Ho har brukt både pengar og tid på å bli god, og har ikkje teke noko snarveg. Stine har ei mjuk, flott og spenningsfri stemme, seier Solveig.
Dirigenten gleder seg til den tradisjonsrike konserten som ho har sakna i fem år. Etter ein pause i koret er ho tilbake saman med dei 35 songarane, som vil framføre tradisjonelle og nye låtar. Mellom anna «O Helga Natt» og «The Prayer».
Pianist er Askjell Molvær.
Les også: Stine vann Norske Talenter: – Ei stjerne!

På Facebook skriv Stine laurdag morgon ei takk til alle som har stemt: «Nå har jeg akkurat våknet etter en ubeskrivelig opplevelse i går! Det har ikke helt gått opp for meg at jeg har vunnet, veldig rart å se og lese om meg selv i aviser. Det er litt skummelt opp i all gleden også, alt er så ukjent. MEN herlighet hvor lykkelig jeg er! Så nå må jeg bare ta ting litt etter litt.
Jeg er så takknemlig for alle som har stemt meg fram, jeg kan ikke få takket dere nok!»
-Stine
(Foto/MMS: Daniel Gaute Hole)