Årets julegåve: Ekornes gir 275 000 kroner til Sykkylven Frivilligsentral

- At så mange står bak gåva varmar ekstra, seier ei rørt Marit Gjerde Winsrygg ved frivilligsentralen.

Torsdag mottok ho ei raus julegåve på 275 000 kroner frå dei tilsette i Ekornes.

Ekornes gir 275 000 kroner til Sykkylven, 100 000 kroner til Hareid og 100 000 kroner til Hornindal. Til saman 475 000 kroner til frivillig arbeid.

Det er fjerde året at dei tilsette i Ekornes gjer ein vri på ei tradisjonsrik julegåve. I staden for å motta spikekjøt frå arbeidsplassen, gir dei heller ein donasjon til gode formål.

Julegåve: Marit Gjerde Winsrygg (i midten) gir ein god klem til dei tilsette i Ekornes. Frå venstre: Jorunn Kvalsund Jarnes, Bjørn Skaar, Marit Gjerde Winsrygg, Frank Bjørdal og Bente Johnsen.

Sidan 2009 har Ekornes gitt julegåver til Inger Harrington og Casa Emanuel i Brasil, arbeid i Mathare-slummen i Kenya, og May Britt Tynes sitt prosjekt med Lola Daycare Center på Filippinene.

- I år ville vi gi lokalt. Det var mange gode forslag, men vi var alle einige: årets julegåve går til frivillig arbeid, seier Bente Johnsen, som delte ut gåva på vegne av dei tilsette i Ekornes.

For eit par veker sidan var ho og resten av julegåve-komiteen på besøk ved aktivitetshuset Fønix og fekk høyre om arbeidet og vidare planar.

- Vi er imponerte over kor mange som gjer ein frivillig innsats i bygda. Fønix er eit tilbod som alle i Sykkylven kan ha nytte av. Mange har born som snekrar bilar der. Andre har foreldre som finn glede i huset, og plutseleg kan Fønix bli viktig for deg eller meg.

Les meir om Fønix her.

Marit Gjerde Winsrygg sa at det ikkje ofte ho er mållaus.

- Dette er rett og slett fantastisk. Eg får aldri takka dei frivillige nok. Og det er godt når andre ser innsatsen. No kan vi realisere ganske mykje, mellom anna planane om å ta i bruk kjellaren. Ekornes har alltid vore ein bidragsytar, men dette såg eg ikkje kome, seier Marit Gjerde Winsrygg ved Sykkylven Frivilligsentral.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER.

Fønix: Der det er hjarterom er det husrom.

 

2 total comments on this postSubmit yours
  1. Det er visst ikkje så hardt arbeid å vere journalist i Sunnmørsposten. Berre å klyppe og lime frå Brabygd.no :-)

    • Eg er glad for at smp viser til brabygd.no – veldig bra! :)

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.