Den nye boka er ei feiring av ungdomshuset Vaarvon gjennom 100 år.

Kjetil Tandstad og Eldar Høidal har gjennom åra skrive mykje lokalhistorie i Sykkylven. (Foto: NMFS)
Forfattarane Kjetil Tandstad og Eldar Høidal har skrive kvar sin del i boka med tittelen «Ungdomslaget Vaarvon 100 år. Kvelving over kvardag og fest.»
Sidan 2007 har Vaarvon blitt restaurert, med like stor innsats frå krinsen som då huset vart bygd for 100 år sidan.
Begge forfattarane trekk fram innsatsviljen og skaparkrafta i Straumgjerde som avgjerande for huset.
- Dugnad er litt sosialdemokratisk og femtitals, synest mange. Denne boka viser at dersom mange jobbar litt, blir det store resultat, seier Kjetil.
Eldar fortel at hus- og lagsdrifta har gått i bølgedalar, og at det har vore ein bølgetopp dei siste åra.
Les meir: Ungdomshuset Vaarvon er restaurert og tildelt Godt Vern-prisen 2012.
- Korleis har prosessen med boka vore?
- Dei viktigaste kjeldene er lagsprotokollane og Varamannen – det handskrivne lagsbladet. Ein god informant frå dei tidlege åra har vore vore Tomas Tandstad (100 år). Etter kvart som vi går fram i tid er det mange gamle lagsmedlemmer med god hugs.
- Bilde frå den første tida er det ikkje mange av. Men Ungdomslaget Samhald (skipa i 1895) laga blant anna postkort med Straumgjerde-motiv som dei selde til inntekt for husbygginga. Seinare bilde har vi fått lånt frå private, seier Kjetil.
- Kva skal huset brukast til i framtida?
- Det blir opp til styret å avgjere. Men det vil framleis vere kulturhus for krinsen. Huset er no fullt utstyrt for mindre teateroppsetjingar og eg synest det vil vere naturleg om dette blir huset for revy og teater i Sykkylven. Elles held Straumgjerde-revyen fram. Det er stor interesse for å bruke huset som selskapslokale. Også næringslivet har byrja å interessere seg for huset som også fungerer bra til kurs og seminar, seier forfattar Kjetil Tandstad.
Grete Erstad
12. desember 2012
Kjøpte boka i dag og var svært fornøgd med den.