Bøker og blad til jul

I biblioteket til Norsk Møbelfaglig Senter finn vi bøker og blad med sjarm.

Ei tidleg utåve av Bonytt. Interiørbladet blei lansert i 1941. Den aller første desember-utgåva er også i biblioteket.  (Foto: Hanne Suorza)

Her kan du velge mellom 500 bøker og 100 magasin om interiør- og møbeldesign. I hyllene står Bonytt frå jula 1941 og 1942. Her er katalogar frå Sjølystmessa og frå møbelmessa i Milano. Vi finn bransjebladet Møbelhandleren frå starten i 1929 ved sidan av interiørblad som Elle interiør, Interiørmagasinet og Design Interiør frå dei siste 18 åra.

Magasina og katalogane er frå Norden, Tyskland, Frankrike, Italia og England.

Også nyare bøker om norsk design er til utlån. Mellom anna om bøker om Alavar Aalto, Tricia Guild, Arne Jacobsen og Scandinavian Modern Design.

Glad i interiør? Ta turen til Norsk Møbelfaglig senter for inspirasjon. (Foto: Hanne Suorza)

- Dette er både innkjøp, gåver og gratiseksemplar. Vi brukar ganske mykje pengar på glansa interiørblad. Bøkene finst kanskje andre stader i landet, men truleg ikkje like samla, seier museumstyrar Kjetil Tandstad.

Han fortel at mange ringer for å få tak i litteratur eller bilde. Endå fleire tek kontakt med senteret for å finne produsent og datering på eit gammalt møbel dei har.

- Det greier vi som oftast, takka vere gode hjelparar blant våre pensjonistar. Forum for møbelhistorie på Facebook er nyttig i slike saker, seier Kjetil Tandstad.

Redaktøren i Bonytt reflekterer om jula for 70 år sidan. Klikk på bildet for større tekst. (Foto: Hanne Suorza)

Interiørblad frå nyare tid. (Foto: Hanne Suorza)

Norsk Møbelfaglig Senter har ope alle kvardagar imellom kl 0900 og 1600, eller ved avtale. Utstillinga «Ver så god, sitt!» viser høgdepunkt i norsk møbelproduksjon dei siste 100 åra.

nettsidene til senteret finn du oversikt over magasin og bøker til utlån og sal.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.