På Fjellsetra går snøkanonene døgnet rundt. Dersom vermeldingane slår til blir det opning neste helg.
- Vi produserer snø for omlag 120 kubikkmeter med vatn i timen, seier Andre Brenne. Vatnet blir spreidd ved hjelp av lufttrykk og frys til iskrystallar før dei når bakken.
- Her er ikkje snø frå før, og solen må vere ganske tjukk for at vi kan opne anlegget. Neste helg er vi klare, seier han.
Vermeldinga viser temperaturar ned mot 8 minus i heile neste veke. Det kalde veret gjer det gunstig å produsere snø. Grunnlaget som blir lagt no, vil føre til at sesongen strekk seg lenger i begge endar.
Snøkanonene på Fjellsetra blei kjøpt for fire år sidan. Det er midtlia, familietrekket og minitrekket som får kunstig snø før sesongopning.
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER.