Frå Tenerife til Fjellsetra

Etter 25 år i Spania reiser Wenche Roald tilbake til heimbygda og ny jobb ved Fjellseterstova.

Saman med mann og dotter flyttar ho i neste veke frå Tenerife til Sykkylven. Dei to eldste døtrene, Patricia og Cristina, har allereie vore i bygda nokre månadar.

Wenche reiser frå 20 varmegrader på Tenerife og satsar friskt til fjells. Her er ho saman med familien: mannen Chicho, lillesøster Antonia og tvillingane Patricia og Cristina. (Foto: privat)

Med 20 års erfaring frå hotellbransjen har Wenche mykje kunnskap innan kundebehandling og service.

- Når det gjeld kafé- og restaurantdrift har eg den beste ballasten frå då eg jobba på Roald-kafeen og på kiosken. Eg starta då eg var 13 år, og det var nok der eg fekk inspirasjon til å jobbe innan serviceyrket, seier Wenche og legg til:

- Difor er det også noko nostalgisk ved å vende tilbake til bygda og å drive Fjellseterstova. Eg gler meg!

Frå slutten av desember blir ho å sjå på Fjellsetra, der skisesongen opnar i morgon. Dei siste månadane har det vore stor aktivitet ved anlegget, mellom anna har det blitt ny campingplass med rom for dobbelt så mange som i fjor.

Wenche fortel at ho lenge har hatt lyst til å etablere ein kafé eller restaurant. På Fjellsetra vil ho og den nye kokken satse på ein uformell samlingstad der alle er velkomne.

Ny ved Fjellseterstova er også kokken Priit Koppel frå Estland. Han er busett i Velledalen og har lang erfaring, mellom anna frå Sjøbua i Ålesund, Oliven på Stranda og Villa Norangsdal.

Priit Koppel vil lage mat til skifolket. (Foto: www.sunnmorsalpane.no)

Saman arbeider dei med ein meny for sesongen.

- Det blir sjølvsagt kaffi og kaker, påsmurt mat, hamburgar, suppe og pasta. Dei dagane det er ope på dagtid vil vi servere tradisjonell norsk kafé-middag. Vi vil også arrangere temakveldar og halde ope for lukka lag. Taco på fredagane har blitt tradisjon, så truleg held vi fram med det. Sidan eg har budd 25 år i Spania er det kanskje å forvente at eg henter litt inspirasjon derifrå. Vin og tapas trur eg kan bli bra, seier Wenche, som ser framt til å feire jul saman med sine næraste.

- Det er for å få meir tid med familien at vi reiser. Både mannen min Chicho og eg har forholdsvis gode og trygge jobbar, noko som slett ikkje er vanleg i Spania om dagen. Difor har vi søkt om permisjon i eit år. Deretter får vi sjå kva vi gjer. Jobben som dagleg leiar ved Fjellseterstova passer bra både når det gjeld tidspunkt og kva eg kan tenke meg å gjere, seier Wenche Roald.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER.

Fjellseterstova. (Foto: Hanne Suorza)

1 comment on this postSubmit yours
  1. Dette vert bra! Det blir spanande å sjå kva godbitar den nye kokken kjem opp med og det er bra å sjå at tacoen lev vidare. Taco er i ferd med å verte meir norsk enn mexicansk.

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.