Gåvedryss frå Sparebanken Møre

Heile bygda kan glede seg over dagens julegåver frå Sparebanken Møre.

To gongar i året gir banken av sitt utbytte til lokale foreiningar, lag og organisasjonar.

Under julelunsjen i Sparebanksalen i dag fekk:

  • Sykkylven Handelsforeining kr. 50.000. Gåva skal disponerast til trivselsfremjande tiltak i sentrum.
  • Sykkylven Småbåthamn kr. 10.000,- Gåva skal nyttast til nye plantar og stell av småbåthamna.
  • Velledalen og Ringen Fotballag (VRF) kr. 25.000,- Gåva skal nyttast til oppgradering av klubben sine anlegg i Straumgjerde (Slettegjerde) og i Velledalen (Dalemyra).
  • Sykkylven Symjeklubb kr. 10.000,- Gåva skal gå til utstyr og utlegg i samband med oppstart av symjeopplæring for barn i bygda.
  • Fjellseter Ungdomssenter kr. 50.000,- Gåva skal nyttast til styrking av det gode tilbodet for barn og unge ved senteret.

Mykje av utbyttet til banken blei delt ut allereie i vår. Mellom anna gjekk 200.000 kroner til den nye lysløypa på Fjellsetra.

Sykkylven småbåthamn får 10.000 kroner til grøne tiltak. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.