Helge Standal: – ei god preike skal røre ved noko i mitt liv

Det er høgsesong på jobben for sokneprest Helge Standal. Han har mange velvalde ord som skal formulerast før jul. Vi har snakka med han om preikene.

Sokneprest i Sykkylven kyrkje, Helge Standal (Foto: Hanne Suorza)

Korleis arbeider du med ei preike?

- Det kjem litt an på kva slags preike det er. Viss eg preiker over ein av tekstane på ein søndag, så prøver eg først å finne ut litt om kva samanheng orda står i, og korleis dette skal tolkast. Men så prøver eg samstundes å spørje meg sjølv kva dette har å seie til folk i dag, i vår kvardag. Og så er utfordringa å sette saman dette til ei preike, som både skal handle om Bibelteksten, og om liva våre. Viss eg preiker over eit tema, så er prosessen litt annleis. Då veit eg gjerne temaformuleringa i lang tid på førehand, og då kan det vere ein avisartikkel, ei bok, eit TV-program som gjev meg tankar rundt dette temaet. Og så prøver eg å spørje kva ville Gud ha sagt om dette?

Korleis finn du tema?

- Delvis så tenker Erlend Lunde (prest i Ikornnes kyrkje) og eg saman om tema som vi begge snakkar om, og delvis er det tema som eg føler det er viktig å ta opp akkkurat her i Sykkylven. Kanskje er det problemstillingar eller spørsmål som eg møter i ulike samanhengar der folk pratar om tru og tvil, kanskje er det tema eg synest det er viktig at kyrkjelyden får høyre noko om. For eksempel hadde eg to temagudstenester om sjukdom og om død. Det er jo tema som før eller seinare rammer oss alle. Og då trur eg det er bra å tenke gjennom slike grunnleggande utfordringar før dei møter oss.

Kva kjenneteiknar ei god preike?

- For min eigen del synest eg det er viktig å merke at personen som taler har noko på hjarta. Eg kan i grunnen akseptere at ikkje framføringa er perfekt, eller at ikkje alt er like interessant, så lenge eg merker at vedkomande vil meg noko og har noko han eller ho ynskjer å formidle. Så er det sjølvsagt bra at ei preike er interessant og ikkje kjedeleg, at ho engasjerer og får meg til å tenke. Og at det som blir sagt ikkje berre er intellektuelt prat, men at det rører ved noko i mitt liv.

Går du nokon gang tom for idear?

- Nei, faktisk ikkje! Det er meir slik at eg har mange «preiker» eg gjerne skulle ha halde! Tema eg gjerne skulle ha preika om, men så er det ikkje nok søndagar. Kanskje er det slik fordi eg likar akkurat denne delen av arbeidet ekstra godt.

Er det ei preike som har gjort spesielt inntrykk på deg? 

- Ja, eg har høyrt mange preiker som har gjort inntrykk på meg, og eg prøver alltid å lære av dei eg høyrer på. Det er litt vanskeleg å konkretisere, men den preika som kanskje gjorde sterkast inntrykk på meg vart halde av ein amerikansk prest som heiter Rob Bell. Men det tar litt for lang tid å gjenfortelle kva han sa!

Får du tilbakemeldingar på preikene, kva seier folk?

- Ja, eg får ein del tilbakemeldingar. Dei fleste er positive og oppmuntrande. Av og til er det nokon som har spørsmål eller kan vere litt ueinig, og det er det også bra å få tilbakemelding på. Kanskje den kjekkaste kommentaren eg har fått her i Sykkylven var ein som sa til meg: «Eg satt og håpte at du ikkje ville slutte» Då har eg tydelegvis snakka om noko som engasjerte og gav meining.

Kor mange preiker har du skrive, trur du?

- Det har eg ikkje tal på. Men tek eg med både andakter og preiker, så er det sikkert eit par tusen.

Blir det mange gudstenester i jula?

- Eg skal ha fire gudstenester og ei juleandakt. Det er vel sånn omtrent normalt for oss prestar? I tillegg er det ein del skulegudstenester før jul, sjølvsagt.

Kva planar har du for jula?

- Mellom anna å gå på gudstenester! Men elles blir det litt besøk av familien, eg har to barnebarn og dei kjem hit i nyttårshelga begge to. Elles er jula ganske tradisjonell for min del. Eg likar å lese, og så er det innspurt i serien i NFL (Amerikansk fotball), så eg må nok få med meg nokre av dei kampane!

Har du nokon gode ord til oss no i denne tida?

- Ja, mange, men eg trur kanskje eg vil invitere folk til å kome og høyre desse gode orda i kyrkja! For evangeliet betyr jo nettopp gode og glade nyhende, og når engelen kom med bod om at Jesus var født, så var det ei stor glede, for heile folket. Eg trur jo at Gud har gode tankar for oss, og difor er det spanande å få formidle kva han tenker om liva våre, framtida, evigheta…

Program for gudstenester i jula finn du her.

Sokneprest i Ikornnes kyrkje, Erlend Lunde. (Foto: Hanne Suorza)

Utsmykking i Sykkylven kyrkje: Maria, Josef og Jesusbornet. (Foto: Hanne Suorza)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.