Hels på gjestebloggar Nicolai Karlsen

I jula vil fotograf Nicolai Karlsen fange julestemninga i Sykkylven. Bilda kan du sjå her på brabygd.no

Nicolai Karlsen er heime i Sykkylven på juleferie. (Foto: privat)

Nicolai Karlsen har vore interessert i fotografi sidan han var ein liten gut. På vidaregåande tok han mediefag, deretter studerte han til ein bachelorgrad i media, IKT og design ved Høgskulen i Volda.

I juli flytta han til Oslo der han bur saman med ein kamerat på Kampen. Til dagleg arbeider Nicolai som personleg trenar ved Sats Nationaltheatret, og som frilansfotograf.

Aller best trivast han best med dokumentar-, portrett- og konsertfotografering.

- Foto er kjekt fordi ingen bilder blir like. Der er alltid noko nytt å ta bilde av, og eg må vere kreativ heile vegen, seier Nicolai, som håper fleire vil finne fram kameraet i jula:

- Eg synest ikkje at folk er flinke nok til å dokumentere det som skjer i livet sitt. Mi oppfordring til alle i Sykkylven er å ta bilder av familien, vener, selskap og det som rundt deg! Kanskje kan du starte ein fotoblogg slik som eg har gjort: nicolaikarlsen.com. Det er mange som set pris på å følge med.

Les også: Del dine julebilder med oss.

25-åringen er i ferd med å etabelere eit nytt firma som vil tilby video, foto og design til bedrifter og andre. I 2013 er målet å få fornøgde kundar, skape relasjonar og gode tal.

- Eg håper å arbeide med dette fast og lenge. Den største draumen min er å reise rundt om i verda og dokumentere alle dei spanande kulturane og flotte menneska som finnast. Kanskje blir det ein TV-dokumentar om nokre år, seier Nicolai Karlsen.

Dei første bilda ser du på brabygd.no i morgon – ta vel i mot han!

Nicolai Karlsen arbeider som personleg trenar og fotograf. Dette bildet er frå eit studieopphald på Bali. (Foto: privat)

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.