Gudstenester i jula

Her er programmet for julegudstenestene:

Julaftan:

Sykkylven kyrkje kl. 14.30 og 16.00
Ikornnes kyrkje kl. 14.30 og 16.00

1. juledag: Sykkylven kyrkje kl. 12.00
2. juledag: Ikornnes kyrkje kl. 11.00

Søndag 30.12: Sykkylven kyrkje kl. 11.00
Nyttårsaftan: Sykkylven kyrkje kl. 22.30

Julaftaftan er Erlend Lunde prest på Ikornnes. Det blir song ved Gospelkoret klokka 14.30 og musikk ved Sykkylven skulekorps klokka 16. Stine Ulla syng under begge gudstenestene. Per Grønli speler trompet, det same gjer Mathea Strømmegjerde, og Oline Strømmegjerde speler fløyte.

I Sykkylven kyrkje er Helge Standal prest. Kor Kjekt vil synge under gudstenesta klokka 14.30. Sigrun Ebbesvik vil synge, og vi får høyre Kristian Lade på piano og Kent Tandstad på saxofon. Kari Ramnefjell vil dramatisere juleevangeliet.

1. juledag er det høgtidsgudsteneste klokka 12 i Sykkylven kyrkje. Helge Standal, Vidar Hovden, SJORK og fleire tek del. 2. juledag er det høgdtidsgudsteneste klokka 11 i Ikornnes kyrkje. Helge Standal, Øystein Hamre, Hundeidvik blandakor og fleire tek del.

(http://www.sykkylven.kyrkja.no)

Ikornnes kyrkje. (Foto: Hanne Suorza)

 

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.