I helga: fire korps + åtte kor

Søndag er dagen for dei tradisjonelle julekonsertane i kyrkjene. To hundre born og vaksne tek del.

Ikornnes, tysdag 10. desember. (Foto Hanne Suorza)

Desse konsertane har vore tradisjon sidan tidleg på 50-talet, og er i regi av sokneråda i samarbeid med den kommunale musikkleiaren.

Dei yngste deltakarane lagar julestemning i Ikornnes kyrkje klokka 16. Her deltek Sykkylven skulekorps og Straumshorn/Velledalen skulekorps, Sykkylven barnekor, Kor kjekt og ungdomskoret BlesSing.

I Sykkylven kyrkje klokka 19 kan vi høyre Sykkylven janitsjarorkester, Credo Brass, Credo vokal, Velledalskoret, Sykkylven blandakor og Hundeidvik blandakor. Sykkylven gospelkor er for fyrste gong med i ein julekonsert.

Åge Frøystad fortel at det også blir fellessong, og at ein av prestane vil gi oss nokre gode ord om adventstida.

Musikkleiaren synest det er kjekt å vere frå Sykkylven om dagen:

- Vår store musikalske ambassadør og songtalent Stine Merethe Hole Ulla tok heim sigeren i Norske Talenter på ein fantastisk flott og imponerande måte. Det er viktig å hugse på at også Stine starta si songkarriere i barnekoret og i musikkskulen her heime, seier han.

 

1 comment on this postSubmit yours
  1. Noken som har info om billettsalget til konserten på fredag med hilde lovise? Må man kjøpe på forhånd eller i døra?

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.