I dag vil eg seie tusen takk til alle lesarar, og samtidig dele besøkstala her på brabygd.no
Det er stor stas at så mange set pris på å lese om stort og smått frå den flotte bygda vår.
Tusen takk for fine e-postar og tilbakemeldingar her på nettsida og elles. Ei stor takk til alle som liker, kommenterer og lenker på Facebook. Og takk for at du fortel om brabygd.no til andre – det betyr mykje!
Dette er tekst nummer 115 om Sykkylven. Det har blitt mellom ein og fire kvar dag – og langt fleire bilder.
I løpet av den første tida, på under tre månadar, har det vore meir enn 40.000 besøk på brabygd.no. Besøkstala skyt fart. Forrige veke var det nesten 6.000 besøk. Nettsida har omlag 13.000 unike lesarar. Det er over all forventning i ei bygd med 7.600 innbyggarar.
(Tal frå Google Analytics, 15.12.12)
Brabygd.no har blitt kjend gjennom sosiale media og prat.
Også utflytta sykkylvingar seier dei er glade for å lese om heimbygda på nett. Brabygd.no har lesarar i Norge, USA, Spania, Sverige, Frankrike, England, Danmark, Tyskland, Thailand og mange fleire land. Takk til alle!
Håper mange fleire vil bidra med tips, tekstar og bilder. Alt blir motteke med takk!
Ønskjer deg ei fin helg!
Helsing Hanne
Helen Karete Hole
15. desember 2012
Eg er so stolt og glad for å kunne dele denne flotte sida til venner og ikkje minst til familie som ikkje bor i heimbygda lenger!!
Mvh Helen Karete
Sida er også flott for oss sambygdinger som fortløpande får informasjon om kva som røyver seg i bygda av ulik art!!
Supert tiltak!!!
Tusen takk til redaksjonen med eit ønske om ei fin jul og eit frydefullt og spennande 2013!!!!!!
Hanne
15. desember 2012
Tusen takk Helen – så kjekt å høyre! Glad for at du deler sida og set pris på å lese:) Eg ønskjer deg også ei riktig god jul!
Anita Øvergård
15. desember 2012
Brabygd er eit flott tiltak!
Hanne
15. desember 2012
Takk Anita:)
Catherine Tynes
17. desember 2012
Fantastisk flott initiativ Hanne og fole kjekt for oss som bor andre plassa
Ej e inne her kvardag å les!!! Tusen takk og God Jul:-)
Mvh
Catherine
Hanne
17. desember 2012
Hei Catherine! Tusen takk for fine ord!
Ønsker deg også ei god jul!