Lesarbrev: – oppmodar alle til å henge opp husnummer før jul

Ola Roald har sendt oss denne teksten:

Husnummer

Eg ser at Kjellbjørn Tusvik takkar for at kommunen no har fått sett opp vegnamnskilt rundt om i bygda. Bra er no det, og det var sanneleg på tide! Det tok lang tid før Sykkylven fekk offisiell adressering, og når det først kom på plass har eg nokre ting som eg ynskjer å kommentere:

Det ser ut til at kommunen har fått opp alle gatenamnskilta no, men kvar har det blitt av husnummera på dei kommunale bygga, til dømes på skular, rådhus og BUAS? Nei, her har dei tydlegvis ikkje følgt med i timen! Einaste kommunale bygg som har fått opp husnummer, er Aure gamle- og nye skule, og dei var det eg som hengde opp!!

Elles er det lite husnummer å sjå. Har ikkje kommunen råd til nummerskilta, eller?

Det er heller ikkje mange sentrumsbygg og andre næringsbygg rundt om i bygda som har hengd opp husnummer! Dette synest eg er svært slapt av eigarane av sentrumsgardane. Kan ikkje vere så vanskeleg å klistre opp eit nummerskilt vel? BS Aure har vore flinke, og hengd opp nummer på alle sine bygg.

Når det gjeld private hus, så er det svært mange som ikkje har hengd opp nummer. Difor oppmoder eg ALLE til å kjøpe inn dei rette tala, og henge dei opp før jul!

Så eit lite hjartesukk til slutt: I Sykkylvsbladet bugnar det med annonsar, og nederst står det adresse og telefonnummer, og eventuelt nettadressa til foretaket. Etter at vi har fått offisiell adressering, må Dykk sette inn adressa til butikken din! Ser ofte at det for eksempel står «du finn oss i bakgangen ved siden av døra…» Dette blir for dumt. Skriv GATENAMN og NUMMER, og då vil alle verte vande med rett adresse! Sjå i Sunnmørsposten, der står gateadresse og nummer på samtlege annonsar!

PS! Her oppe i Janbakkane har alle 11 hus fått opp same type husnummer praktisk talt frå dag ein, og no også vegnamnskilt.

PS-2! Treng Lyshol-Petter hjelp til å henge opp husnummer på alle kommunale bygg, tek eg gjerne jobben….mot eit lite gebyr sjølvsagt :-)

God Jul!

Mvh Ola Hjorthol Roald, Janbakkane 19

Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.