Kjellbjørn Tusvik har sendt oss denne teksten:
Vegnamn
For ein del år sidan fekk eg tilsendt eit kart over Skandinavia frå ein japansk importør. Han ville gjerne besøke Cylindra, men var i sterk tvil om kvar staden, Tusvik, var. På den tid var det smått med vegnamn her i området. Eg hugsar godt at eg sette eit kryss på kartet og sendte det tilbake på fax. Nokre veker seinare kom japanaren på besøk.
Då vegnamn-nemnda i kommuna sende ut spørsmål om kva vegen til Cylindra skulle heite, såg eg ei mogleg løysing på dette problemet. Tenk å få eit vegnamn og eit nummer! Tusvikvegen! Nummer 77.
For meg har det ikkje vore så enkelt å vere utan skikkeleg adresse, og det har heller ikkje vore så lett for dei som har prøvd å finne fram til Cylindra heller. Nokre gonger har eg brukt GPS-possisjon: 62⁰N 24’ 3” 6⁰Ø 27’ 42”, for å gi ei hjelpande hand.
Sjølve skiltet som viste vegnamnet, let vente på seg. Kva skulle vi med eit nummer på veggen når ein ikkje kunne vise til noko vegnamn? Eg klaga mi naud til ordførar Petter Lyshol som lova å ta tak i dette straks. Nokre veker seinare var arbeidet kome i gong. Eg har ikkje sett nokon som takkar kommunen, så dette får vere ei helsing frå alle oss som både er nøgd med namn og nummer.
Helsing Kjellbjørn Tusvik
Les meir: Cylindra: mange sider å spele på
Har du noko på hjartet? Skriv til brabygd.no og Les her.
FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER.