På loftet i Rellinghuset på Aure står ei samling av Ingmar og Knut Relling sine kjende stolar.
Ingmar Relling (1920-2002) er eit sentralt navn i norsk møbelhistorie. Han stilte ut ved prestisjetunge Victora and Albert Museum i London, mottok klassikarprisen og fekk Kongens fortenestemedalje i gull.

Klassikar: Siesta-stolen har fått mykje internasjonal merksemd. Ingmar Relling til venstre i bildet.
Interiørarkitekten og designaren arbeidde i Oslo og Sykkylven frå 1947 til 1994. I den tidlegare heimen hass på Aure tek stolane, kontorpulten, teikningane, reolane og verktyet oss med fleire tiår tilbake i tid.
Det er sonen til Ingmar, Knut, som har samla møblane.
Knut er også møbeldesignar og samarbeidde med faren frå 1973 til 1994, mellom anna med stolane Optima, Cox og Nobell-serien.
Nokre av møblane er gåver, andre har han kjøpt for å gjere samlinga mest muleg fullkomen.
- Eg har samla møblane av eiga interesse. Dei er verdt å ta vare på, og er ein del av den norske møbelhistoria, seier Knut.
Med stolen Nordic, var Ingmar Relling ein av dei første i Norge både til å ta i bruk skumplast og til å teikne for flatpakking. Det gjorde det enklare å frakte møblar til utlandet. Slik brøyta Ingmar veg for norsk møbeleksport, mellom anna for Ekornes.
Som 16-åring byrja Ingmar Relling som snikkar og treskjerar ved Vestlandske Stol- og Møbelfabrikk. I 1943 blei han student ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole i Oslo, der mellom andre Arne Korsmo var lærar. I ein periode arbeidde Ingmar som assistent for Korsmo etter skuletid.

Skattekammer: Loftet i Rellinghuset er eit skattekammer for møbelinteresserte. Her ser vi møblar, teikningar, bøker og prototypar. Mykje av kunsten på veggane er det Ingmar Relling som har laga.
Fire år seinare var han ferdig utdanna, og tok til som assistent for storebroren Adolf og kompanjongen Rolf Rastad, ved Rastad & Relling tegnekontor i Oslo. I 1950 flytta han tilbake til Sykkylven. Dei første ti åra arbeidde han mest med innreiingar til mellom anna hotell, skular og kyrkjer. Frå 1960 var det møbeldesign som stod i fokus.
Eldar Høidal
11. desember 2012
God artikkel om designaren Ingmar Relling som er rekna som pioneren innan norsk møbelindustridesign. Siesta-stolen, frå 1965, var ein plog for norsk møbeleksport, sa Jens Petter Ekornes ved fleire høve.
Hanne
12. desember 2012
Wenche Eik Roald
12. desember 2012
Ingmar hadde ein enkel og klassisk stil med vekt på kvalitet. Da vi var unger på tidleg 70-talet var det blomstrete tapeter, gardiner og møbler i alle farger. I heimen til Ingmar var det gardiner i lerret, oransje siestaer, skinn og trekvite flater. Like aktuellt i dag og som om enda 30 år. Han var usedvanlig framsynt innen møbledesign. Ein beskjeden og stillfaren mann som vi ikkje visste å sette stor nok pris på. Synest han fortjener ein bauta på Rellingmarka. Ingmar Rellings plass!
Hanne
12. desember 2012
Så artig å lese Wenche! At dagens mote- og interiørbilde hentar inspirasjon frå Relling er heilt klart. Tenk for eksempel på kultserien Mad Men. Nyskapande var han – verdt å sette pris på, ja!
Wenche Eik Roald
12. desember 2012
For ikkje å gløyme sisal-teppe…kven andre hadde det den tida?