Sykkylven Industri- og næringslag får ein million kroner til etablering av eit nytt kompetansesenter. Tilskotet er innvilga av Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kompetansesenteret skal mellom anna gi bedriftene hjelp til å søke forsknings- og utviklingsmidlar (FoU). Målet er auka innovasjon og konkurransekraft blant bedriftene i bygda.
Beløpet på ein million kroner skal fordelast over over to år, og er avgrensa til 30 prosent av prosjektkostnadane.
Styreleiar Lars Einar Riksheim seier at dette er eit viktig og verdifullt prosjekt for næringslivet i Sykkylven.
- Mange bedrifter kjenner ikkje til moglegheitene som ligg i støtteordningar frå for eksempel Innovasjon Norge. Det blir fort mykje papirarbeid, tidkrevande og mange let vere å søkje. Fleire går glipp av til dels store summar. Det nye kompetansesenteret skal hjelpe bedriftene med prosjektarbeidet, og å utforme søknadar, seier han.
- Det å arbeide strukturert og målretta med prosjektarbeid vil gi positive resultat, seier styreleiaren.
Han har tru på felles prosjekt der FoU-arbeidet vil vere til interesse og nytte for fleire bedrifter samtidig.

Styreleiar i Sykkylven Industri- og næringslag, Lars Einar Riksheim, håper at bedriftene engasjerer seg i det nye prosjektarbeidet.
(Foto: Hanne Suorza)
Ei arbeidsgruppe arbeider saman med Sykkylven Næringsutvikling med ein strategi for korleis prosjektet skal bli leia og gjennomført.
Målsetjinga for prosjektet er:
- Auka FoU- aktivitetar som gir auka innovasjon og konkurransekraft.
- Betre bedriftene si inntening og evne til å overleve.
- Fleire nyetableringar og kompetanseverksemder.
- Etablere og utvikle samarbeid mellom næringslivet, skule og fagmiljø.
Etter to år skal Industri- og næringslaget dokumentere behovet for kompetansesenteret.
- Vår vidare målsetjing er at dette skal bli eit sjølvfinansierande og permanent tilbod med ein tilsett, seier styreleiar Lars Einar Riksheim.