Nytt tilbod: svømmeopplæring for born

Svømmeklubben er tilbake. På nyåret kan born frå fire år lære den livsviktige idretten.

Ole Tom Holen er ein erfaren symjar og instruktør. Til høgre er han saman med sonen Lauritz. (Foto: privat)

Dei siste 20 åra har det ikkje vore svømmeklubb i Sykkylven. Det vil dei tidlegare aktive svømmarane Kjartan Grebstad, Svein Tore Gjersdal, Fridtjof Fredriksen og Ole Tom Holen gjere noko med, og etablerer no Svømmeklubben SIL.

- Mange av sykkylvingane eg snakkar med etterlyser eit slikt tilbod, seier Ole Tom Holen.

Han var aktiv i Sykkylven Svømme- og Livredningklubb på 70- og 80-talet, og konkurrerte for City of Newcastle i England då han var student. Sidan 2008 har han vore kursansvarleg og instruktør for born i alle aldrar i Ålesund.

- Til å byrje med vil vi ha fokus på dei grunnleggande kjernefunksjonane «tilvenning i vatn», «flyting», «gli» og «framdrift». Borna vil lære teknikk for crawl- og ryggsvømming.

- Kva er bra med svømming?

- Svømming er skånsam og effektiv trening. Sikkerheit og sjølvberging er også sentralt. Svømming er den einaste idretten du kan døy av å ikkje kunne, difor er mange opptatt av at borna sine blir svømmedyktige.

- For å få fram gode talent og svømmarar er det viktig at borna får prøve ut idretten. At talenta er der er heilt sikkert. I «gamle dagar» nådde mellom andre Ove Furnes og Arild Kursetgjærde langt. I dag viser Karina Brunstad Fet at Sykkylven har talent, men utan klubb i bygda har ho brukt mykje tid på å reise til Ålesund.

Etter kvart vil klubben starte opp med babysvømming (0-2 år) og kurs for småbarn (2-4 år). Alle kurs vil bestå av 10 svømmetimar, ein eller to gongar i veka.

- Vi har inne ein søknad om å etablere svømmeklubben som ein del av Sykkylven Idrottslag. Vi er også i god dialog med Sykkylven kommune og håper at tildeling av tider i hallen er på plass i løpet av året, eller seinast i januar 2013, seier Ole Tom Holen.

FØLG BRABYGD.NO PÅ FACEBOOK HER.

 

1 pingback on this post
Skriv kommentar
Anonyme kommentarar blir ikkje publisert. Vi oppfordrar til positivitet i kommentarfeltet.

Skriv navnet ditt

Navn er et nødvendig felt

Skriv ein gyldig e-postadresse

E-post er et nødvendig felt

Skriv ein kommentar

Brabygd.no © 2018 | Ver venleg og oppgje kjelde ved kopiering av tekst, foto og video. Brabygd har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.