Når turngruppa inviterer til adventsfest på søndag er det med fleire gutar i troppa enn før.
Turn har vore ein populær idrett i Sykkylven i mange år. Sepesielt på 80- og 90-talet då over 400 jenter var med.
- Deretter blei vi færre. Men dei siste åra har det blitt satsa på nytt utstyr, mellom anna ny airtrack. Det gjer at fleire gutar finn sin plass, seier Randi Ulvestad, som var leiar i turngruppa i ei årrekke.
I Sykkylven har det blitt arrangert adventsfest for turnarane kvart år sidan 70-talet.
I 1985 var NRK ved Oddgeir Bruaset tilstades i Storhallen for å lage ei reportasje til Norge Rundt. Klikk på bildet under og spol fram 21 minutt:
Dei tre siste åra har Silje Hovet vore leiar i turngruppa. Omlag 280 gymnastar i alderen 3 – 18 år er med, i tillegg til eit parti for vaksne.
- Søndag blir ein veldig kjekk dag, seier ho. Dei spreke turnarane i 3-6 klasse som har siste trening før adventsfesten og er heilt einige. I fleire veker har dei trent på programmet med både flip, salto og spagat.
Styret og foreldregruppene organiserar festen.
- Foreldra riggar til, sel lodd, står i kiosken og ryddar. Nokre kjem med kaker, kaffi og pølse med brød. Gymnastane leverer gevinstar. Det er ein del arbeid, men dei fleste er heldigvis positive, seier Silje, som har begge døtrene med i turngruppa. Ho gir ekstra ros til alle ungdommane som er med som trenarar.
Adventsfest i Sykkylven storhall: søndag 2. desember klokka 15.